Prosjektet skal til lyse ut sju førebuande entreprisar og sju hovudentreprisar.

I tillegg til desse kjem to rådgevingskontraktar; den eine vart inngått i 2021 og er avslutta og den andre, Rådgivar 2, er i prosess.

I tabellen under ligg ei oversikt over alle førebuande kontraktar og hovudentreprisane. 

Hovudentreprisane vert utlyst når dei førebuande entreprisane er ferdige. 

 

Oversikt over førebuande kontraktar

Kontrakt Entreprise-form Omfang Antatt verdi (mill NOK) Status

Rådgivar 2 

Prosjektering, rådgjeving og oppfølging av veg og jernbane under bygging

Ramme-
avtale

NS8401 og NS8402 

Prosjektering, rådgieving og oppfølging i byggetida, samt utarbeiding av prosjekteringsføresetnader for heile prosjektet. Kontrakten omfattar og utarbeiding av konkurransegrunnlag for hovudentreprisar, som omfattar total-, utførings- og samspelsentreprisar

>2000

I tilbods-
prosess.

Kontrakts-
inngåring er venta Q1 2026

E01

Anleggstunnelar, fjellsjakter, riggområde, midlertidige kryss

Utførelses-entreprise

 NS8405

Alt arbeid knytt til etablering av tilkomst-ventilasjonstunnelar og transporttunnelar (tverrslag) på Langhelleneset, Gamle Fossen og Romslo, inklusiv sjakter for deponering av masser i Sørfjorden, samt etablering av riggområder og tilhøyrande berg- og skredsikring. Kontrakten inkluderer  og etablering av rundkjøyringar på dagens E16 ved Romslo (2 stk), Trengereid, Rødberg, Langhelleneset, Fossneset, og Dalehagen. 

800-1200

Utlyst
02.10.2025. Frist: 04.11.2025.

Anleggs-
gjennomføring
2026 – 2030.

E02

Eksisterande jernbanetunnelar

Utførelses-entreprise

 NS8406

Reinsk, sikring med boltar og sprøytebetong i tre eksisterande jernbanetunnelar - Store Fossmark, Hananipa og Romslo II - som skal verte kryssa ved etablering av ny veg og jernbanetrasé i samband med bygging av Fellesprosjektet.

< 30

Utlyst 16.09.2025. Frist
14.10.2025

Anleggs-
gjennomføring
2026.

E03

Berg- og skredsikring av anleggsområda på Stanghelle, Helle og Vaksdal

Utførelses-entreprise

 NS8406

Fjerning av vegetasjon og vegetasjonsdekke, rensk, sikring med boltar og nettmontering av sognemur og steinspranggjerde. < 30

Kontrakt inngått med Nordisk Fjell-
sikring AS.

Anleggs-
gjennomføring
2025 og 2026.

E05

Dalehagen, tilrettelegging deponi

Utførelses-entreprise

 NS8406

Førebuande arbeid i form av tilrettelegging for deponi på Dalehagen. Kontrakten omfattar fjerning av vegetasjon og vegetasjonsdekke, matjord og eventuelle løsmassar, samt transport av massar og etablering av nye dyrkingsareal på Geitabakken.

< 15

Utlysing Q4 2025.

Anleggs-gjennomføring. 2026.

E06

Espeland nord

Utførelses-entreprise

 NS8406

Etablering av riggområde og tunnelpåhogg på Espeland i Arnadalen. Sikring  over og etablering av tunnelpåhogg for fremtidig E16 mellom Arna og Trengereid og riggområdefor hovuddentreprisene i Arna.

<50

Utlysing 2027.

Anleggs-gjennomføring 2028 - 2029.

E07 

Furnestreet, kontroll og vektplass

Utførelses-entreprise

 NS8406

Etablering av ny kontroll- og vektstasjon langs E16,  ca. 12 km nordaust for Stanghelle,  prosjektering og etablering av ny trafikktilsynsbygning på Furnestreet. Kontrakten omfattar og prosjektering, levering og installasjon av vekt til kontrollstasjonen på Furnestreet og bygging av skredvoll.

< 50

Utlyst 
17..10.2025.
Frist: 08.12.2025

Anleggs-gjennomføring 2026 - 2027.

E09

Rivingsarbeid

Total-entreprise

 NS8407

Rivningsarbeid for innløyste bustader og annea bygningsmasse. Kontrakten gjeld  for hele strekninga mellom Arna og Stanghelle.

< 50 Utlysing Januar 2027.

 

Oversikt over hovudentreprisar

Kontrakt

Entreprise-
form

Omfang Antatt
verdi
(mill 
NOK)
Status
K01
Tunnelar Arna-Trengereid

Utførelses-
entreprise

NS8405

Driving av veg- jernbanetunnelar mellom Arna og Trengereid, inkludert etterarbeid, klar for tekniske entreprisar 4500-
6000

Utlysning:
2029.

Anleggs-
gjennomføring
2030-2035.

K02
Arnadalen

Total-entreprise

NS8407

Etablering av nytt kryss for E16. Grunnarbeid og bru over Arnadalen, klar for tekniske entreprisar

>500

Utlysning 2030.

Anleggs-
gjennomføring
2031-2034.

K03 
Tunnelar
Trengereid-
Vaksdal

Utførelses-
entreprise

NS8405

Driving av veg og jernbanetunnelar mellom Trenrgereid og Vaksdal, inkludert etterarbeid, klar for tekniske entreprisar. Grunnarbeid kryssløysing for E16 på Trengereid

4500-
6000

Utlysing 2028.

Anleggs-
gjennomføring
2029-2035.

K05
Tunnelar Vaksdal-Stanghelle/Helle

Utførelses-entreprise

NS8405

Driving av veg og jernbanetunnelar mellom Vaksdal og Stanghelle / Helle, inkludert etterarbeid, klar for tekniske entreprisar. Bru og stasjon på Vaksdal, dagsoner veg Tolåsen og Helle for E16. 4500-6000

Utlysing 2029.

Anleggs-gjennomføring
2029-2035.

K06 Stanghelle

Totalentreprise

NS8407

Etablering av ny stasjon på Stanghelle, samt tunnelportal og bru over Dalevågen, klar for tekniske entreprisar.

>1000

Utlysning 2029.

Anleggs-
gjennomføring
2030-2034.

K07 Jernbaneteknikk 

Utførelses-entreprise

NS 8405

Etablering av spor og køyreleidning i dobbeltspora jernbanetunnel mellom Arna og Stanghelle

>1000

Utlysing 2034.

Anleggs-gjennomføring
2034-2039.

K08
Elektro/tele 

Total-entreprise med
samspel

NS8704

Etablering av elektro høgpent, lavspent, SRO (Styring, regulering og overvåking) og teleanlegg for både veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle/Helle.

>3000

Utlysing 2029.

Anleggs-gjennomføring
2034-2039.

Relevante presentasjonar

Massehandtering

I Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS) skal det drivast nesten 80 km tunnel, som gjør prosjektet til Noregs største tunnelprosjekt. Samarbeidet mellom Statens vegvesen og Bane NOR om å etablere eit felles tunnelsystem for både veg og bane gir kostnadsreduksjon på 4,8 mrd samanlikna med å bygge veg og bane kvar for seg på strekninga.

FAS har eit ambisiøst prosjektmål om å kutte 55% av klimagassutsleppa, samanlikna med budsjett basert på mengder frå reguleringsplan. Ei sentral utfordring i prosjektet har heile tida vore handteringa av dei enorme overskotsmassane. Prosjektet har metodisk jobba og søkt å finna samfunnsnyttig bruk av overskotsmassane. Sjølv om det har vore dialog om massemottak både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, har ein ikkje lukkast i å finne samfunnsnyttig bruk innanfor akseptvilkåra. Samarbeidet mellom Statens vegvesen og Bane NOR har allereie redusert overskotsmassane betydeleg, men prosjektet vil framleis søkje å redusere mengde overskotsmasser i det vidare arbeidet.

Sjødeponi er hovudløysninga for handtering av overskotsmassar, og løysninga er godkjent av Statsforvaltaren i Vestland. Massane vert deponert direkte i fjorden gjennom eit såkalla lukka nedføringssystem, som løyser mykje av miljøutfordringane knytt til finstoff, plast og nitrogen. Tidlegare skulle deponeringa skje med hjelp av midlertidige kaianlegg, men dette er no optimalisert til sjaktløysning. Massehandteringa vil då hovudsakleg skje inne i fjellhaller, slik at ein og har løyst utfordringar knytt til støy og støv til luft og nærmiljø.

Dei ulike fasane i prosjektet

Gjennomføringa av prosjektet kan grovt delast inn i tre fasar:

1.  fase er den forberedande, som vil ta ca. 2 år.

2.  fase vil ta ca. 5,5 år og gjelder gjennomføring av grunnentreprisar, med driving av tunnelar og klargjering av dagsoner for veg og bane til tekniske entreprisar.

3.  og siste fase gjelder gjennomføring av dei tekniske entreprisane, testing og ferdigstilling, som vil ta ca. 3,5 år.

Kontraktsinndeling

FAS kan summera opp sin strategi i kontraktsflagget, som viser inndelinga av kontraktar. Horisontalt ser ein den geografiske inndelinga, mens den faglege inndelinga vises vertikalt. 

Kontraktsflagget viser inndelinga av kontraktar. Horisontalt ser ein den geografiske inndelinga, mens den faglege inndelinga vises vertikalt.
Kontraktsflagget viser inndelinga av kontraktar. Horisontalt ser ein den geografiske inndelinga, mens den faglege inndelinga vises vertikalt. Illustrasjon: FAS

Førebuande entreprisar

Alle  førebuande entreprisar er utføringsentreprisar, med unntak av riveentreprisen der prosjektet har valt totalentreprise. FAS har rådgjevingskontrakt med Cowi, som prosjekterer alle dei førebuande entreprisane. 

Hovudentreprisar

For alle hovudentreprisar har FAS valt å knytte til seg ein rådgjevar i den såkalla «Rådgjevar 2-kontrakten». Dette er ein stor rammeavtale med ein leverandør som inneber utarbeiding av konkurransegrunnlag for alle hovudentreprisar og arbeidsgrunnlag for de som skal vere utføringsentreprisar.

Først ut blant hovudentreprisane er K03, som gjeld driving av både veg- og banetunnel mellom Trengereid og Vaksdal. Sekvensielt vil K05 og K01 lysast ut. K06 og K02 er begge totalentreprisar. Vidare vil jernbaneteknikk gjennomførast i ein stor utføringsentreprise, og det er planlagt med ein stor elektro/telekontrakt for både veg og bane på heile strekket. Denne kontrakten valt for å redusere utfordringar med tunneltryggleikgodkjenning av både veg og bane.

Bærekraft, klima og miljø

FAS vil søke å stille dei nye klima- og miljøkriteria i tråd med dei nye reglane, men vil kartlegge dette spesifikt for kvar kontrakt. Det vil alltid vurderast kva som gir størst klima- og miljøeffekt, og nokon gonger vil prosjektet heller nytta krav i kravspesifikasjonen. Dette vil berre gjerast der dette beviseleg har større effekt.

Ved bruk av unntaksregel vil FAS stille tydelege krav og nytta ulike insentiv i kontraktane for å oppnå både minimumseffekt og stimulere til større positive klima- og miljøeffektar. Når det gjeld rådgjevingskontrakter har FAS vedteke å nytta unntaksregel då denne type anskaffing ikkje er ein av dei store drivarane på miljøbelastning.

Tidlegare dialog med marknaden

Prosjektet har gjennomført to store marknadsdialoger, ein vinteren 2019 og ein vinteren 2021/2022.  Det blei det gjennomført ein-til ein samtaler med bransjen ved begge høve. 

Innspela frå marknadsdialogene har vore medverkande til utforminga av kontraktsstrategien.