Fellesprosjektet Arna–Stanghelle inviterer til folkemøter i april
Fellesprosjektet Arna–Stanghelle inviterer til folkemøter i april for å presentere status og arbeidet som skal gå føre seg i 2026 og 2027.
Tid og stad for møta:
- 20.04.26 Arna – Ljoshall klokka 18:00 til 19:30
- 21.04.26 Trengereid – Forsamlingshuset klokka 18:00 til 19:30
- 27.04.26 Vaksdal – Samfunnssalen klokka 18:00 til 19:30
- 28.04.26 Stanghelle – Gamle bedehuset klokka 18:00 til 19:30
Midlertidige rundkøyringar på E16 i haust
Trafikken på E16 er venta å gå tilnærma som normalt fram mot hausten 2026, då den første tunnelentreprisen startar med etablering av anleggstunneler på Gamle Fossen, Romslo og Langhelleneset.
Før tunnelarbeidet skal det utførast skredsikring på anleggsområda, og det blir etablert rundkøyringar for sikker av- og påkøyring til anleggsområda. Rundkøyringane blir etablerte på Dalehagen, Gamle Fossen, Langhelleneset, Romslo og Rødberg, og vil vere der gjennom heile anleggsperioden fram til ny veg og bane vert opna.
Trengereid
På Trengereid vert det også mykje aktivitet allereie frå hausten av. Her skal det etablerast tunnelpåhogg for framtidig hovudløp og rampetunnelar for veg i tillegg til tunnelpåhogg for rømmingstunnel til ny jernbanetunnel. Det skal etablerast ei vegfylling for framtidig kryssområde, deponi for overskotsmasser i Trengereiddalen i tillegg til at heile dagens kryss vert lagt om i fleire omgangar.
Rasteplassen på Trengereid, Hjelle bakeri og ladestasjonane må fjernast for at anleggsarbeida skal kunne gjennomførast. Allereie før sommaren vert Hjelle bakeri og Eviny sine ladestasjonar fjerna for at området skal være klart til anleggstart.
I forbindelse med arbeida vert det nødvendig å stenge Trengereidsvingane for biltrafikk i inntil 8 år. Det er ikkje ønske om å stenga vegen meir enn heilt nødvendig så her vil det bli gjort vidare vurderingar når kontrakt vert signert med entreprenør over sommaren.
Gamle Fossen
Arbeidet på Gamle Fossen er krevjande og vil kunne påverke trafikken over ein lengre periode medan skredsikring og etablering av rundkøyring går føre seg.
Oppstart av arbeid på Dalehagen
I april startar arbeidet på Dalehagen, der matjorda skal gravast av og fraktast til deponiområde på Dale. I samband med dette vil truleg fartsgrensa forbi Dalehagen bli redusert noko for anleggstrafikk som skal av/på E16. Arbeidet på Dalehagen er ein del av dei førebuande arbeida i prosjektet, og området skal nyttast som landdeponi.