Klage gir forseinka oppstart for første tunnelkontrakt i Fellesprosjektet Arna–Stanghelle
Oppstart på den første tunnelkontrakten blir forseinka på grunn av klage frå ein av tilbydarane. Planlagt byggestart for prosjektet blir i 2027.
Den 16. oktober meldte Fellesprosjektet Arna–Stanghelle at Hæhre Entreprenør AS var tildelt den første tunnelkontrakten for anleggstunnelar, sjakter og førebuande arbeid langs E16 mellom Arna og Stanghelle. Kontrakten har ein verdi på om lag 1,3 milliardar kroner utan meirverdiavgift. Fredag førre veke vart det klart at Skanska Entreprenør AS i arbeidsfellesskap med Vassbakk & Stol AS har klaga på tildelinga og kravd midlertidig forføying. Det betyr at kontrakten tidlegast kan signerast etter at saka har vore oppe i Oslo Tingrett.
– Kva tid saka kjem opp for retten er ikkje avklara. Det betyr at byggestart for prosjektet først kan skje tidleg i 2027, seier prosjektleiar Kari Bremnes.
Utfallet i retten vil avgjere kor lang forseinkinga blir. Arbeidet skulle etter planen starte opp i desember i år.
Fakta:
- Kontrakten omfattar tre anleggstunnelar på til saman 3,7 kilometer, kvar med ein eigen bergsjakt til Sørfjorden.
- Anleggstunnelane ligg på Romslo, Langhelleneset og Gamle Fossen.
- Tunnelane skal brukast til å frakte og deponere tunnelstein frå bygginga av dei nye veg- og jernbanetunnelane.
- Kryssområdet på Trengereid skal leggast om.
- Det skal byggjast midlertidige rundkjøringar på dagens E16 ved Romslo, Rødberg, Langhelleneset, Fossneset og Dalehagen, for å sikre av- og påkøyring til anleggsområda.
- Strekninga er skredutsett, og det må gjennomførast omfattande skredsikring før delar av anleggsarbeidet kan starte.
- Arbeidet skal skje tett på dagens E16, og trafikantane må rekne med redusert framkomst og lengre reisetid.
Kontaktperson for media:
Kari Bremnes
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle
Tel: 95 25 31 59