– Vi håpar reguleringsplanen er godkjent i månadsskiftet januar/februar, seier Gunnar Søderholm, prosjektleiar for planfasen i fellesprosjektet.

Illustrasjon av alternativ B2 i Vaksdal
Illustrasjon av alternativ B2 i Vaksdal. Her er det kun jernbana som går gjennom Vaksdal sentrum. E16 er lagt utanfor Vaksdal sentrum. Foto: Red Ant/Statens vegvesen

Reguleringsplanen for fellesprosjektet E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle er oversendt Samferdselsdepartementet (SD). Når dei er ferdig med si saksbehandling vil planen bli oversendt Kommunal- og moderniseringsdepartement som er planmynde og som vil gjere endeleg vedtak.

Tilrår alternativ B2 og har fjerna to av dei alternative lokalitetane for sjødeponi

Det er fleire viktige endringar i reguleringsplanen som no blir tilrådd etter høyringa.

I reguleringsplanen er to trasear ved Vaksdal utgreia. Statens vegvesen har i oversendelsesbrevet tilrådd alternativ B2. I dette alternativet er E16 lagt utanfor Vaksdal sentrum.

Gunnar Søderholm, prosjektleiar for planprosessen E16 Arna-Stanghelle
Gunnar Søderholm, prosjektleiar for planprosessen E16 Arna-Stanghelle Foto: Statens vegvesen

– B2 har kortare byggetid og er mindre komplekst enn alternativ B1. Det er og det som dei aller fleste innbyggjarane på Vaksdal ønskjer, og alternativet er tilrådd av kommunane Voss, Vaksdal og Bergen samt Vestland fylkeskommune, seier Søderholm.

Sjødeponia på Fossmark og Boge er teken ut. Desse kjem dårleg ut i forhold til kostnader og anleggsteknikk. For å optimalisere banelinja er jernbanen lagt i tunnel forbi Trengereid, noko som vil senke støyen for dei som bur der betrakteleg og forenkle bygginga.

Søknaden som er sendt Statsforvaltaren i Vestland om sjødeponi, vil få eit vedtak etter at KMD har godkjent reguleringsplanen.

Gode innspel i høyringsperioden

Reguleringsplanen låg ute på høyring i perioden 01.07.2021 – 17.09.2021. Prosjektet fekk mange nyttige og gode innspel. Desse er no innarbeidd i planen og føresegnene som er oversendt SD.

KS2 og investeringsavgjerd

Når reguleringsplanen er godkjent er neste store milepel ekstern kvalitetssikring av styringsunderlag og kostnader, kjent som KS2, før investeringsavgjerd kan fremjast for Stortinget. Prosjektet er alt i gang med førebuingar for KS2, mellom anna vert det jobba med grunnlaget for bompengevedtak.

Planlegg byggestart i 2024

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Bane NOR og Statens vegvesen der målet er tryggare og raskare veg og bane på strekninga. Prosjektet ligg inne i Nasjonal transportplan for perioden 2022–2033.

Når Arna–Stanghelle blir ferdig utbygd vil reisetida bli redusert frå 28 til 14 minutt på jernbanen og frå 30 til 23 minutt på veg. I tillegg aukar transportkapasiteten og ikkje minst sikkerheita. 

Med godkjent reguleringsplan tidleg i 2022 er det mogleg med byggestart i 2024. Dialogen for å førebu marknaden er godt i gang.

Aktuelt for fylke: Vestland