Over 200 deltakarar møtte opp då Fellesprosjektet Arna–Stanghelle arrangerte leverandørdag i Bergen tysdag 21. oktober.

Totalt har  prosjektet sju førebuande entreprisar, to rådjevingskontraktar og sju hovudentreprisar. Prosjektet har fleire kontraktar ute i marknaden no, og fleire er på veg. 

Bilete av fullsatt sal då Fellesprosjektet Arna-Stanghelle samla leverndørar og entreprenørar i Bergen 21. oktober.
Fullsatt sal då Fellesprosjektet Arna-Stanghelle samla leverndørar og entreprenørar i Bergen 21. oktober. Foto: Ingrid Feet Bjørgo

- Som perlar på ei snor 

Totalt har  prosjektet sju førebuande entreprisar, to rådjevingskontraktar og sju hovudentreprisar. Prosjektet har fleire kontraktar ute i marknaden no, og fleire kjem framover. 

Katrine Erstad, prosjektsjef
Katrine Erstad, prosjektsjef Foto: Karoline Rage

– Det er svært gledeleg å sjå så stort engasjement frå både norske og internasjonale aktørar! Dei har, som oss, venta lenge på at kontraktane skal komme ut. og no kjem dei, som perlar på ei snor.  Vi opplever sterk interesse for prosjektet, og med eit så omfattande prosjekt er det noko for alle fagdisiplinar hjå oss, seier prosjektsjef Katrine Sælensminde Erstad.

Kontraktane varierer i storleik, og er ei blanding av utføringsentreprisar og totalentreprisar. 

Første salve går av neste haust

Den første førebuande tunnelentreprisen, med byggestart hausten 2026, er ute i marknaden no. I denne kontrakten skal det etablerast tre anleggstunnlar som skal brukast til å føre tunnelstein ned til sjødeponi i Sørfjorden. 

Den første hovudentreprisen skal etter planen ut i marknaden i 2028. Det er veg og jernbanetunnelar mellom Trengereid og Vaksdal som er først ut av hovedentreprisane. Oppstart av denne blir etter planen i 2029. 

Ambisiøse klimamål

Prosjektet har som mål å redusere klimagassutsleppa med 55 prosent samanlikna med reguleringsplanen. Det blir stilt krav til berekraftige metodar. gjennomføring og materialval i alle fasar.

Portrett av Torbjørn Søderholm
Torbjørn Søderholm Foto: Karoline Rage/Statens vegvesen

– Dialog med bransjen er helt avgjerande for at vi skal nå klimamålet i Arna–Stanghelle-prosjektet. Når vi samlar kompetanse på tvers og delar våre ambisjonar og mål, og lyttar til dei som er interesserte i å bygge dette for oss, får vi verdifulle innspel som vi tek med oss vidare. Det er viktig for oss at bransjen er kjend med kontraktane våre og kva vi ynskjer å oppnå, seier fungerande assisterande prosjektsjef Torbjørn Søderholm. 

Noregs største tunnelprosjekt – stort potensial for innovasjon

Med ei byggjetid på 12-14 år har prosjektet stort potensial for å utvikle og teste nye løysingar og produkt i tett samarbeid med leverandørar og entreprenørar.
Prosjektet skal mellom anna  innføre insentivordning for kontursprenging og teste ut metodikk for å redusere behovet for  vass- og frostsikring

–  Vi har lang byggetid, og det gir oss ein unik moglegheit til å tenkje nytt og utvikle framtidas løysingar saman med bransjen, seier Erstad.
Prosjektet skal etter planen stå ferdig i 2039.

Aktuelt for fylke: Vestland