Denne veka har første last med betong veggelement til Sollihøgdtunnelen vorte lossa ved Drammen hamn.

betongveggar losses i DRammen hamn
605 slike betong veggelement blir lossa ved Drammen hamn denne veka. (Foto: Kjell Wold)

Båten frå Sveio på Vestlandet hadde med seg i alt 605 stykk betongvegger til Tollbukaia i Drammen.  Det utgjer omtrent ¼ av dei om lag 2600 betongveggene som skal kle dei to tunnelløpa i den 3,4 kilometer lange Sollihøgdtunnelen på E16 Bjørum-Skaret i Hole og Bærum.

første av fire laster med betongvegger til DRammen
Første av fire lastar med betongvegger til E16 Bjørum-Skaret frå Ølen på Vestlandet. (Foto: Kjell Wold)

Fem tonn pr vegg

Første last med veggelement til prosjektet kom til Drammen i april og var for det meste ferdig montert i Bukkesteinshøgdtunnelen til sommarferien. Frakta av tunnelvegger frå Drammen til Sollihøgda vil gå føre seg med Ølens eigne spesialbilar, som kan ta fem veggelement a fem tonn på kvar tur.

betongvegger losses i Drammen havn
Første båt med betongvegger frå Vestlandet blir i desse dagar lossa i Drammen før vidare transport til Sollihøgda på nyåret. (Foto: Drammen hamn)

520 turar

2600 betongvegger skulle dermed gi om lag 520 turar frå Drammen til Sollihøgda. E16 Bjørum-Skaret-prosjektet reknar med at monteringa av veggelementa i Sollihøgdtunnelen vil starta ein gong tidleg på nyåret 2024

betongvegger til vegtunnel losses i DRammen
Kvart betongelement veg fem tonn og blir frakta fem og fem vidare til Sollihøgda. (Foto: Kjell Wold)
Aktuelt for fylke: Viken