Artikkelen er frå 2020, og innhaldet kan vere utdatert.

Statsråd Knut Arild Hareide kuttar snora på E16 Filefjell onsdag, og markerer at 40 km ny europaveg til 3,5 milliardar er fullført.

Dette er ein veg mange har venta på, og mellom anna brøytesjåførane gler seg.

Dei som brøyter på fjellet har opplevd ein heilt utruleg betring dei siste åra, ved at bratte, smale og svingete stigningar på begge sider er blitt eliminerte, og erstatta av tunnelar og breiare veg med god kurvatur.

- E16 Filefjell er blitt ein veg det går an å halde open nesten hundre prosent av tida. Vegen er blitt mykje lettare å drifte, og uvêrslysa gjer det betre å følgje vegen i mørke og snøføyke, seier avdelingssjef Gunnar Bjørgo i Presis vegdrift.

Det er spesielt når det er laussnø og kraftig vind at tilhøva blir vanskelege, men med høgste punkt på 992 meter over havet, ligg Filefjell lægre og lunare til enn nabo-overgangane Tyin-Årdal og Hemsedalsfjellet.

Skal svært mykje til

- Når vêret rufsar seg til, får vanlegvis Tyin – Årdal problem først og deretter Hemsedalsfjellet. Det skal svært mykje til no før me får kolonnekøyring og stenging på Filefjell, seier Bjørgo.

Også yrkessjåførane merkar at det går lettare.

- Den nye vegen sparar oss for mykje plage, og er rask og god å køyre. Eg har ikkje tal på kor mange timar sjåførane våre har stått fast i bakkane på den gamle filefjellvegen, då me nytta vegen ganske mykje tidlegare på ruter mot Trondheim, seier dagleg leiar Arne Slinde Ahlin i Slinde Transport AS.

Bilbergarane har også merka effekten av betre veg, ved at det er blitt mykje mindre å gjere på Filefjell vinterstid.

Opplev korleis det er å køyre over E16 Filefjell frå sjåføren sitt perspektiv, både på sommar og vinter. Filefjell er den sikraste fjellovergangen mellom aust og vest vinterstid, med best regularitet. Siste delstrekninga på E16 Filefjell opnar 23. september 2020, og dermed er 40 km med ny europaveg fullført. Video: Statens vegvesen.

Positive effektar

Ordførar i Vang, Vidar Eltun, saknar ikkje den smale og svingete vegen opp mot Maristova.

- Du visste aldri kva du møtte rundt neste sving, og vegen over Filefjell var samla sett ikkje så grei å køyre på vinteren. No går turen over fjellet utan problem, og du føler nesten ikkje at du har vore over ein fjellovergang, seier Eltun.

Han ser positive effektar av den nye vegen på både reiseliv og næringsutvikling, og han gler seg over at fleire strekningar kjem i gang, slik som smale og rasfarlege Kvamskleiva lenger ned i Valdres. Som leiar i Stamvegutvalet for E16 ynskjer han seg sjølvsagt vidare vegutbetring, både lokalt og inn mot Bergen og Oslo.

Bygd 10% billegare

Statens vegvesen sin prosjektleiar på E16 Filefjell, Odd Erik Haugen, har fått mange positive skussmål på den nye vegen, og for høgfjellsstrekninga fekk dei også den høgthengande prisen «Årets anlegg». Reint kostnadsmessig har prosjektet blitt rimelegare enn skissert.

- Sluttprognosen for heile prosjektet er på 3,44 milliardar. Det er ca 10 prosent under tildelt ramme. Dei første 35 kilomterane har, trass i mange utfordringar, hatt ei god gjennomføring og god framdrift. Men på den siste tidelen av strekninga har det samla seg opp ein del «stang-ut»-hendingar som har ført til forseinkingar, seier Haugen.

Strekning Lengd i km Tunnel-lengd Prosent tunnel Kostnad i mill. kr
Eidsbru-Varpe 5,5 0   101
Smedalsosen-Borlaug 10 4,1 41 839
Varpe-Smedalsosen 20 5,8 29 1637
Øye-Eidsbru 4,5 2,1 47 779
E16 Filefjell (samla) 40 12 30 3381

Skånsom utbygging

Både under planlegging og bygging er det teke omsyn til at vegen går i eit sårbart høgfjellslandskap. Dermed var det strenge krav til kor mykje areal som kunne brukast til bygging av vegen.

- På strekninga over høgfjellet ser me no at dette arbeidet har lukkast, og det ser svært pent ut, no tre år etter vegopninga. Revegeteringa har ført til at det er naturleg, stadeigen vegetasjon som veks langs fjellovergangen, og vegen glir fint inn i landskapet, seier Haugen.

Strekninga Øye-Eidsbru sett frå portalen på Rødølstunnelen og austover. Foto: Odd Erik Haugen
Aktuelt for fylke: Innlandet, Vestland