Artikkelen er frå 2020, og innhaldet kan vere utdatert.

Heile E16 Filefjell står ferdig når delstrekning Øye-Eidsbru opnar 23. september.

Det blir samferdselsminster Knut Arild Hareide som får æra av å klyppe snora på den nye vegen onsdag 23. september. Med det vil trafikken på E16 bli ført opp bak bygda Øye, og gjennom den to kilometer lange Rødølstunnelen til Eidsbru. Derifrå går vegen i slak stigning opp til Tyinkrsset og gjennom den 6 km lange Filefjelltunnelen til det høgste punktet på 992 meter over havet.

- Frå gamalt av er det vegen over Filefjell som er det naturlege valet i periodar med dårleg vêr, og etter utbygginga er vintersikkerheita blitt endå betre, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.

Sikraste vegen

Dei tre siste vintrane har E16 Filefjell vore kolonnekøyrd eller stengd i 130 timar til saman, mot 779 timar på Hemsedalsfjellet, 1681 timar på Haukelifjell og 1066 timar på Strynefjellet. Det visar at målsettinga med å bygge den tryggaste vegen mellom aust og vest er godt oppfylt før siste delstrekning opnar.

12 av dei 40 kilometrane med veg på Filefjell går i tunnel, og på høgfjellstrekninga er det bygd uvêrslys som gjer det mykje lettare å følgje vegen i mørke og snøføyke, både for personbilar, tungtransport og brøytesjåførar.

3,5 milliardar

Arbeidet på E16 Filefjell starta for rundt ti år sidan, og vegprosjektet har vore delt inn i fire strekningar. Eidsbru-Varpe stod ferdig i 2012, Smedalsosen-Borlaug opna i 2014 og Varpe Bru-Smedalsosen opna i 2017. Utbygginga har kosta 3,5 milliardar kroner, og 779 millionar er brukt på strekninga me no skal opne.

Øye – Eidsbru fekk forseinka anleggsstart, då oppstartsløyvinga vart utsett frå 2015 til 2016. Også i gjennomføringa har det oppstått forseinkingar, slik at det er ei etterlengta vegopning som skjer den 23. september. Veganlegget er bygd av den austerrikske entreprenøren Strabag, og elektroarbeidet er gjort av spanske Aldesa, og sluttført av Mesta Elektro. 

Tilpassa koronasituasjon

På grunn av korona-situasjonen blir vegopninga berre for inviterte gjester, og ikkje open for alle slik me pleier å ha det. I hovudsak betyr det at naboar til den nye strekninga vil bli invitert, saman med representantar frå kommunar, fylkeskommunar og dei som har noko med vegbygginga å gjere.

Endeleg skal portane foran Rødølstunnelen fjernast. Foto: Ole Kristian Åset
Aktuelt for fylke: Innlandet, Vestland