Artikkelen er frå 2013, og innhaldet kan vere utdatert.

Den nye vegen mellom Smedalsosen og Borlaug er byrja å ta form. Etter ein sommar med relativt liten aktivitet på anlegget, er det no drift langs heile linja.

Ovanfor prosjektkontoret på Maristova held arbeidet med å sprenge ut fjellskjeringane fram. I den høgste skjeringa, der det rasa ut store mengder stein tidlegare i anleggsperioden, vart den øvste delen av skjeringa sprengt vekk i fjor, og no er det starta opp att med boring og sprenging av nedste delen av skjeringa.

Ny teknologi

Frå Borlaugstunnelen til Maristova skal vegen gå i ny linje på lange strekningar. Her er arbeidet godt i gang.

Halve lengda av Borlaugstunnelen vart asfaltert i midten av oktober. Resten av tunnelen blir asfaltert i byrjinga av november. Det vil dermed vere klart til å starte elektroarbeid i tunnelen 2. desember.    

Borlaugstunnelen blir den første tunnelen i Sogn og Fjordane med radiosignal for DAB-radio, i tillegg til signal for vanleg FM-radio. Tunnelen blir altså utstyrt med digitalt radioutstyr. Når det blir laga digitalt nett for naudetatane i området så vil dette straks bli i funksjon inne i tunnelen.

Ferdig hausten 2014

I Borlaugskrysset er den nye brua(link til støypesak) no teken i bruk, men framleis står det att mykje arbeid i dette området.

I krysset skal det kome ei ny rundkøyring, og denne er no asfaltert.

I bOrlaugskrysset skal det også byggjast ny brøytestasjon, og i tillegg skal det etablerast nytt kolonnefelt i retning Lærdal. Dette er først og fremst for trafikk som skal over rv.52 Hemsedalsfjellet. Kolonnefelt for E16 Filefjell skal byggast ovanfor Maristova.

Det er og planlagt noko asfaltering i Maristoveli før vinteren.

Opphavleg var planen at delprosjektet Smedalsosen-Borlaug skulle stå ferdig juli 2014. Slik det ser ut no vert det ikkje opning før hausten same år.

Til venstre i menylinja kan du sjå foto frå E16 Smedalsosen-Borlaug. Her vil vi fylle på med oppdaterte bilete frå anlegget fram til det står ferdig neste år.

Aktuelt for fylke: Innlandet