Artikkelen er frå 2020, og innhaldet kan vere utdatert.

Driftsentreprenøren Mesta ferdigstiller elektroarbeidet i Rødølstunnelen til sommarferien. Testing og sikkerheitsgodkjenning kan då vere ferdig til vegopning i september.

Etter at Mesta fekk tilgang til Rødølstunnelen frå 4. mai, har dei sett seg inn i elektroarbeidet som Aldesa har utførd.

- Vi har hatt ein effektiv prosess med å ta stilling til omfanget av opprettingsarbeid som må utførast, parallelt med at Mesta har starta både planlegging og utføring av arbeidet. Mesta vil i hovudsak vera ferdig med sitt arbeid tett opp til sommarferien, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen.

 

Etter det skal byggherre og vegtrafikksentralen (VTS) testa sikkerheitssystema i tunnelen, før vegdirektoratet kan gjennomføra sikkerheitsgodkjenningsprosessen.

- Mesta har levert ein god framdriftsplan, og sidan dei ikkje får full oversikt over elektroanlegget før arbeidet er godt i gang har dei naturlegvis lagt inn litt ekstra tid. Vi har inntrykk av at denne planen er gjennomførbar, slik at det er gode sjansar for at tunnelen kan opna i september, seier Haugen.

Mesta har vore i arbeid i Rødølstunnelen sidan byrjinga av mai, og dei er i full gang med å gjere dei tilpasningane som må til for å få det elektriske anlegget ferdig. Foto: Ole Kristian Åset
Aktuelt for fylke: Innlandet, Vestland