Artikkelen er frå 2014, og innhaldet kan vere utdatert.

Om lag 200 personar var møtt fram til storfeiringa i Lærdal laurdag 30.august. Det starta med høgtideleg markering av ny E16-strekning, vidare til vandring på historisk veg med opning av fire restaurerte bruer og til slutt feiring av to jubileum – Grunnlova og Statens vegvesen.

Arrangementet starta ved den nye brøytestasjonen på Borlaug, der det var markering av at det no er sett trafikk på 9 km av totalt 11 km ny E16 mellom Borlaug – Smedalsosen. Dei siste to km av parsellen skal bli ferdig i løpet av hausten.

På Borlaug er det mellom anna er bygd ny rundkøyring, kolonnefelt og brøytestasjon. Her vart det intervju, helsingar og kulturelle innslag frå scena, før direktør i Vegdirektoratet Lars Aksnes kutta norgesbandet med ein snidel, ein tradisjonell reiskap frå Sogn.

Fotogalleriet gir ei oppsummering av arrangementet frå start til slutt.

Foto: Heidi Ravnestad
Aktuelt for fylke: Innlandet, Vestland