Artikkelen er frå 2017, og innhaldet kan vere utdatert.

Det var feststemning på Filefjell fredag, då ny tunnel opna og Kongevegen markerte tildeling av EU-pris.

Fredag 29. september kutta regionvegsjefane Helge Eidsnes og Per Morten Lund snora på Filefjelltunnelen. Rundt 250 personar var møtt fram til vegopninga, og rundt fem grader og kraftige vindkast la ingen dempar på den gode stemninga ved tunnelopninga tusen meter over havet.

- Eg er veldig stolt over vegen me kan opne i dag. Både med tanke på trafikksikkerheit, ein god og moderne vegstandard som tilfredsstillar dagens krav til utforming og at arbeidet er utført på ein utmerka måte over eit sårbart fjell-landskap, sa regionvegsjef Lund.

- Eg er heilt einig, det har blitt eit flott veganlegg, og Filefjelltunnelen vil spare både vegfarande og miljøet for mange utfordringar. I løpet av neste vinter skal heile Filefjellprosjektet inkludert Øye-Eidsbru vere fullført om alt går etter planen, sa Eidsnes til svar.

God planlegging

Prosjektleiar Odd Erik Haugen takka entreprenørane for god gjennomføring av vegprosjektet, og han retta også ein spesiell takk til dei som har utført planlegginga.

- Det har vore lagt ned eit veldig godt arbeid med planlegging i forkant, og no ser me resultatet. Eg føler me har lykkast veldig godt med korleis veglinja glir godt inn i terrenget, sa Haugen.

Tunnelopninga betyr at stigninga opp til Filefjell no går i tunnel frå begge sider, og det som frå før var Sør-Norges mest vintersikre fjellovergang vil no vere endå betre rusta til takle ekstreme vêrtilhøve. Uvêrslys langs fjellstrekninga i dagen gjer det også lettare for bilistane å finne fram i snøfokk og dårleg sikt.

Etter snorklypping vart den nye tunnelen innvia med ein storslått vetranbilkortesje, der rundt 40 historiske køyretøy frå Lærdal og Valdres deltok.

Vintersikker fjellovergang

- I dag markerer me den gamle Kongevegen over Filefjell, men også E16 som er vår tids kongeveg. No har me ein vintersikker fjellovergang som sikrar at me kjem fram 365 dagar i året – 24/7, sa ordførar Vidar Eltun i Vang.

Delstrekning Varpe Bru - Smedalsosen er 19,4 kilometer lang, og Filefjelltunnelen utgjer 5,8 kilometer av anlegget. Det er Hæhre entreprenør som har vore hovudentreprenør på strekninga, og Mesta Elektro gjorde elektroarbeidet. Lokreim Bygg har hatt entreprisen på støytiltak og rasteplassbygg.

EU sin kulturminnepris

På Kongevegen over Filefjell var det også feststemning fredag, først i Vindhellavegen i Lærdal på morgonen og i Kvamskleiva i Valdres etter tunnelopninga på Filefjell.

På Kongevegen deltok mellom anna EU sin ambassadør i Norge Thierry Bèchet og visedirektør i Europa Nostra Piet Jaspaert, assisterande vegdirektør Bjørne Grimsrud, ordførarar og fylkesordførarar frå begge sider av fjellet.

Ein plakett som bevis på at den historiske vegen har motteke EU sin kulturminnepris "Europa Nostra Awards 2017" vart avduka på kvar av dei to strekningane. Det var talar og folkemusikk med hardingfele og trekkspel i Vindhella. I Kvamskleiva var det mellom anna korsong, opning av ein historisk bru og skodespel undervegs på vandringa.

- Dette er eit heilt unikt prosjekt. Me takkar alle som har stått saman for å sikre vår og alle sin kulturelle arv med denne historiske vegen. Lenge leve kongevegen, sa Piet Jaspert frå Europa Nostra.

Aktuelt for fylke: Innlandet, Vestland