Artikkelen er frå 2016, og innhaldet kan vere utdatert.

Vel 120 menneske var til stades for å få siste informasjon om vegprosjektet Ålgård–Hove.

Prosjektleiar Gunnar Eiterjord og prosjekteringsleiar Geir Strømstad informerte dei vel 120 interesserte om framdrifta av reguleringsplanane for nye E39 frå Ålgård i Gjesdal kommune til Hove i Sandnes kommune.

Etter presentasjonen fekk dei frammøtte høve å stille spørsmål, og vi håpar dei fleste fekk svar. Nokre spørsmål er det for tidleg å gi konkrete svar på, for fleire stader er dei tekniske løysingane framleis ikkje bestemt.

Aktuelt for fylke: Rogaland