Kva skjer vidare framover?
I februar 2026 presenterer vi kommunedelplanen, men det vil enda gå tid før planen vert vedteke og usikkerheita forsvinner for mange.
Syns du det er vanskeleg å forstå framdrifta for arbeidet med kommunedelplan for ny E39 Bokn-Bømlafjorden? Her skal me prøva å forklara vegen vidare.
Siste del av 2025
Statens vegvesen arbeider vidare med konsekvensutgreiinga av dei to alternativa. Denne utgreiinga er viktig for å vurdere konsekvensane for miljøet og samfunnet. Målet med utgreiinga er å komme fram til ei anbefaling om kva for eit alternativ som er mest fordelaktig og som skal bli tilarbeidd vidare i reguleringsplanen.
2026
Februar
Når arbeidet med kommunedelplan er ferdig i februar 2026, vil forslaget til kommunedelplanen bli lagt ut på høyring. Her vil Statens vegvesen presentera si tilråding til trasé. Når planen vert lagt på høyring får du moglegheit til å kome med dine innspel og merknader til planen.
I denne perioden vil Statens vegvesen arrangere folkemøte og kontordagar. Myndigheitene kan også komme med motsegner mot planen i denne høyringsperioden.
Før påske
Frist for å kome med merknader til vegvesenet sitt forslag til kommunedelplan.
Vår og sommaren
Etter høyringsperioden vil Statens vegvesen svare på merknadene og vurdere eventuelle endringar i sitt forslag som følge av innspela.
Høsten 2026
Planforslaget, med alle innspel som kom i høyringa og eventuelle endringar, vert sendt til politisk handsaming i dei tre kommunane. Målet er at kommunedelplanen blir vedteken av lokalpolitikarane i dei tre kommunestyra i Bokn, Tysvær og Sveio mot slutten av 2026.
Når kommunane har vedtatt kommunedelplanen vil mykje uvisse vere vekke for mange. Den traséen som ikkje vert valt vert frigitt for bandlegging. Det betyr at Staten ikkje lenger vil legge avgrensingar på kva eigarane i den frigitt traséen kan gjere med eigedomen sin.
For andre vil uvissa fortsette i fleire år. Dei som har eigedom i den vedtekne traséen vil oppleve avgrensingar i kva ein kan gjere med eigedommen heilt fram til reguleringsplanen er vedteken.
Statens vegvesen ønskjer ein så rask planprosess som mogleg, så flest mogleg kan få avklart situasjonen rundt sin eigedom.
Men…
Det er sannsynleg at denne tidslinja blir endra. I så store planar er det vanleg at ei eller fleire offentlege myndigheiter har motsegn (innsigelser). Ein plan kan ikkje vedtakast før motsegna er løyst.