1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Reguleringsplan
  1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Dronefoto av Grungen.
Foto: Marianne Sundal

Kvar?

Fylke:
Vestland
Kommunar:
Sunnfjord

Kva?

Prosjektet skal bygge ny bru oppstraums dagens Grungen bru og rette ut veglinja i området. Eksisterande bru har ikkje tilfredsstillande kvalitet på brurekkverket og det er sett i verk mellombelse strakstiltak for å halde brua open.

Kvifor?

Prosjektet skal sikre framkomst og betre trafikksikkerheita på strekninga på om lag 500 meter.

Kart

Grungen bro © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

November 2026 - reguleringsplan blir sendt ut

Lengde:
500 meter

Meir om prosjektet

E39 Grungen bru ligg i gjennomføringsplanen som eit aktuelt tiltak for gjennomføring 2026-2031. Faktisk gjennomføring er avhengig av dei årlege tildelingane framover. Prosjektet legg opp til ein felles planlegging og prosjektering som gjer det mogleg å starte bygging i løpet av 2027-2028.

Prosjektet er eit punktutbetringstiltak som har som føremål å betre trafikksikkerheita ​og framkoma på E39 ved etablering av ny bru ved Grungen. Eksisterande bru har ikkje tilfredsstillande kvalitet på brurekkverket og det er sett i verk mellombelse strakstiltak for å halde brua open. Vegkurvaturen i tilknyting til brua er relativ skarp, noko som gjer strekninga utsett for ulykker. Statens vegvesen planlegg difor å byggje ny bru oppstraums dagens bru samstundes som veglinja vert retta ut i området. I tillegg vert avkøyrsler og sideterreng vurderte, og kollektivhaldeplassane utbetra. 

Eksisterande Grungen bru er opphavleg ei steinkvelvsbru frå 1980 med høg kulturminneverdi. Brua er seinare påbygd, og det er planar om å fjerne denne påbygginga for å synleggjere den opphavlege konstruksjonen etter at ny trasé for E39 er etablert.

Kontaktar

Runa Aaland Eggum

Planleggingsleiar
Telefon:
95 75 61 06
E-post:

Lars Inge Jakobsen

Prosjektleiar
Telefon:
948 53 509
E-post: