Statens vegvesen skal i samråd med Sunnfjord kommune i gang med å lage detaljreguleringsplan for det nemnde prosjektet. Frist for innspel er 02.11.2026.

  Vi ber med dette om innspel til arbeidet.  

Skildring av prosjektet

​Planarbeidet omfattar eit punktutbetringstiltak med mål om å betre trafikksikkerheita og framkoma på E39 ved etablering av ny bru ved Grungen.

Eksisterande bru har ikkje tilfredsstillande standard på brurekkverket, og det er difor sett i verk mellombelse strakstiltak for å halde brua open. Vegkurvaturen i tilknyting til brua er relativt skarp, noko som gjer strekninga særleg utsett for ulykker.

Statens vegvesen planlegg difor å byggje ei ny bru oppstraums for dagens bru, samstundes som veglinja vert retta ut gjennom området. I tillegg vil avkøyrsler og sideterreng bli vurderte og utbetra, og kollektivhaldeplassane oppgraderte.

 

Eksisterande Grungen bru er opphavleg ei steinkvelvsbru frå 1890 med høg kulturminneverdi. Brua er seinare påbygd, og det er planar om å fjerne denne påbygginga for å synleggjere den opphavlege konstruksjonen etter at ny trasé for E39 er etablert.

 

Det er vurdert til at reguleringsplanarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i høve «Forskrift om konsekvensutredninger»

Den skriftlige vurderinga finn du her:

Planområdet

Prosjektet E39 Grungen bru ligg langs Jølstravegen i Sunnfjord kommune, om lag 3 km frå Skei, ved Grungen langs Håheimsvatnet. Planområdet er om lag 30 daa stort og er avsett til LNFR i gjeldande kommuneplan.

Kart med plangrense finn du her: