Artikkelen er frå 2011, og innhaldet kan vere utdatert.

Gaular kommune vedtok reguleringsplanen for E39 Høyanger grense–Grytåsen 22. juni. Samanlikna med planforslaget som låg ute til ettersyn er det gjort mindre endringar.

På plankarta er det teke inn nokre nye landbruksavkøyrsler og ei busslomme ved Øksland er flytta nord om Øksland bru. I tillegg er avgrensinga av omsynssoner justert i tilknyting til dei gamle bruene ved Dregebøvatnet og Øksland.  Planføresegnene er justerte og supplerte på nokre punkt (2.8, 5.1 og 6.2) for å imøtekome merknader frå  eksterne instansar med fagansvar for natur og kultur.

Aktuelt for fylke: Vestland