Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

E39 Storehaug – Førde er prioritert i NTP, og hausten 2021 er detaljplanlegging av strekninga i gang. I starten av oktober var planteamet på synfaring.

På Storehaug
Synfaring for ny E39 Storehaug-Førde. Lengst til venstre står prosjektleiar Svein Reidar Dale og byggeleiar Marius Slinde.

Kommunedelplan for E39 Langeland - Moskog vart vedtatt i 2013, og no har første halvdel frå Bruland til Storehaug fått finansiering gjennom nasjonal transportplan. Prosjektet gjer at E39 blir lagt utanom Førde sentrum og Halbrendslia. Ny veg i tunnel bidreg til ein effektiv nord-sør-forbindelse på Vestlandet. Tunnelen vil korte ned E39 med bortimot 6 km på strekninga (frå 14,9 til 9,2 km) og reisetida blir redusert frå dagens 16-20 minutt, ned til om lag 7 minutt.

Planlegging i gang

- Statens vegvesen er no i gang med å planlegge den nye strekninga. For eit par veker sidan hadde vårt tverrfaglege team synfaring på Bruland og ved Storehaug, og no skal vi i gang med grunnboringar ved Skilbrei. Målet er å ha ein godkjent reguleringsplan i løpet av neste år, og vi siktar mot byggestart i 2024, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale.

Prosjektet består av ein ca. 7,7 km lang tunnel frå Bruland i Førde til Storehaug, rett sør for Langeland.  Det er i tillegg rundt 2,5 km veg i dagen, for å kople tunnelen til vegnettet i kvar ende og bygge kryss til lokalvegar. Tunnelen blir bygd med eitt løp, men har tre køyrefelt, fordi ei stigning på ca 3,4 % gjev behov for eit forbikøyringsfelt i sørgåande retning.

Ynskjer toplans kryss

På Storehaug ynskjer ein å bygge eit toplans kryss som gir god påkopling til fv. 57 mot Bygstad/Dale og eksisterande E39 mot nord. Eit toplanskryss vil gje svært god trafikktryggleik, og krysset vil ha av- og påkøyringsrampar, ei rundkøyring på lokalvegen og bru som kryssar over E39.

På Bruland blir det ei dagsone på om lag 600 meter. Ny veg kjem her ut av tunnelen noko høgare enn eksisterande E39, og ny veg vil difor krysse over eksisterande veg på ein kulvert. Vegvesenet ynskjer å bygge ei rundkøyring som ein mellombels kryssløysing, fram til neste byggetrinn mot Moskog kjem og ein skal bygge eit planskilt kryss også på Bruland. Rundkøyringa er skissert med ein arm mot tunnelen, ein arm mot Førde og ein arm mot Moskog.

Overskot av tunnelmasse

Kostnaden er berekna til 3 milliardar kroner, og prosjektet må gjennom ekstern kvalitetssikring (KS2) før det kan lysast ut. Nær 8 km tunnel gir eit stort masseoverskot i prosjektet, og Vegvesenet ynskjer å komme i kontakt med interessentar som vil ta imot tunnelstein.

- Det beste er om me finn mest muleg samfunnsnyttige bruksområde for massane me skal ta ut, og me ber no om hjelp frå kommunar, næringsinteressar, grunneigarar og utbyggjarar i nærområdet til tunnelen. Me har satt ein grense på minimum 100.000 m3 for dei som ynskjer å ta imot tunnelstein, seier prosjektleiar Dale.

Vegen har ei byggetid på rundt 5 år, så ny E39 Bruland - Storehaug vil truleg stå ferdig i 2029.

Aktuelt for fylke: Sunnfjord