Statens vegvesen vurderer å flytte tunnelpåhogget ved Storehaugen lenger mot nord, og kjem difor med ei reguleringsendring. Frist for innspel er 13/10.

Vi viser til medieoppslag den siste tida om at reguleringsendring E39 Storehaugen - Førde skal vere stoppa. Dette er ikkje rett, og planlegging av omreguleringa held fram, inntil Vegvesenet eventuelt får beskjed om noko anna frå Samferdselsdepartemetet.

Statens vegvesen har ein vedteken detaljreguleringsplan for E39 mellom Storehaugen og Førde frå 16. februar 2023. I samband med optimalisering av vegprosjektet for å redusere kostnadane og nytte meir av eksisterande veg, har ein konkludert med at det er mogleg å flytte tunnelpåhogget ved Storehaugen ca. 600-700 meter lengre nord, frå Myra til Langeland. Dette vil gje ein kortare tunnel og ein kan nytte meir av eksisterande veg.

Kryss med fv. 57 vert  føreslått som eit T- kryss med høve til kryssutbetring. Kryss med eksisterande  E 39 er føreslått som eit hankkryss med to T- kryss med høgresving av og på, og med bru over ny E39. Ved Skilbreivegen er det høve til å etablere ein kontrollplass.

Ny E39 vert om lag 6 km kortare enn dagens veg. Prosjektet vil gje auka trafikktryggleik, betre framkomst og betre regularitet langs E39  til Førde. Reisetida vert redusert og trafikantane får lågare transportkostnader.

Arbeidet blir gjort i samarbeid med Sunnfjord kommune, og vi ynskjer oss no innspel på reguleringsendringa. Fristen er 13. oktober, og du kan kome med dine innspel her:

Føremålet med endring av reguleringsplanen er å sikre nok areal til etablering av nye vegar,  anlegg for kollektivtrafikk, kontrollplass og mjuke trafikantar, samt rigg- og anleggsområde på Storehaugen-sida av E39.

Bygging av tunnel vil gje eit masseoverskot, bruk og  plassering av massar er ein del av planarbeidet. Når reguleringsendringa er vedteken, vil området ved Myra verta tilbakeført/frigjeven.

Vi vil presisere at det ikkje blir endring  på reguleringsplanen i dagsona på Bruland-sida.

Har du spørsmål - Ta kontakt med planleggingsleiarane:

  • Jan Terje Løitegård
  • Unni W. W. Høivik
Aktuelt for fylke: Vestland, Sunnfjord