Går vidare med vedtatt reguleringsplan
Samferdselsdepartementet har bedt Statens vegvesen om å stogge vidare arbeid med nytt tunnelpåhogg nærmare Langeland.
Vedtatt reguleringsplan skal leggast til grunn i vidare arbeid med E39 Storehaugen – Førde, skriv departementet i eit brev datert 21. oktober. Oppdraget følgjer opp vedtaket i Stortinget 6. oktober, om at det ikkje skal lagast ein ny reguleringsplan for vegprosjektet.
Kortare reisetid
Vedtatt reguleringsplan frå 2023 omfattar mellom anna ein ny tunnel på 7,7 kilometer. Den nye E39 vil korte ned reisetida for gjennomgangstrafikken med om lag 10–15 minutt og gi betre trafikktryggleik.
Statens vegvesen vurderte å redusere kostnadene i prosjektet ved å sjå på ei løysing med kortare tunnel. Dette arbeidet var del av ein større gjennomgang av fleire vegprosjekt, med mål om å redusere investeringskostnadene. Arbeidet med reguleringsendringa var godt i gang, men er altså no stoppa etter ordre frå storting og departement.
Kortare tunnel og endringar i dagsona ved Storehaugen/Langeland ville gitt reduserte ulemper for klima og miljø. Det var også anslått å gje ei innsparing på rundt 400 millionar kroner for utbyggingskostnadene direkte, noko som ville gitt ein endå større reduksjon i beløpet som må hentast inn via bompengar, på grunn av rentes-rente-effekten.
Ventar på løyvingar
E39 Storehaugen-Førde ligg inne i Nasjonal transportplan og ventar på løyvingar. Før bygginga kan starte, må finansieringa vere på plass og prosjektet skal gjennom ekstern kvalitetssikring (KS2).
– Å få bygd E39 Storehaugen-Førde er viktig for trafikantane og for regionen. Vi ser fram til å arbeide vidare med eit prosjekt som skal gi betre framkomst og ein tryggare E39, seier prosjektleiar Marius Slinde i Statens vegvesen.