Dagens E39 mellom Os og Bergen er svært dårleg. Det er mange kryss langs vegen som gir dårlegare framkomst. Stigninga over Vallaheiane gir tidvis vanskar for tungtrafikken og dermed kø og dels stenging av vegen.


Målet med ny E39 mellom Os og Bergen er betre framkomst, trafikktryggleik og miljø. Dagens køyretid utanom høgtrafikk-periodane er på om lag 35 minutt. Ny veg gir ei redusert reisetid på om lag 17 minutt. Vegen er planlagd opna for trafikk i 2022. 

Utbygginga startar ved Svegatjørn i Os og fortset til Rådalen i Bergen.

Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen.

FIRE FELT – DOBLE TUNNELAR
Vegen blir bygd som fire felts motorveg, i samsvar med gjeldande vegnormalar. Tunnellengda blir på tilsaman 14,7 km - av total veglengde på 17,7 km. Den lengste tunnelen er den 9,2 km lange Lyshorntunnelen mellom Endalausmarka og Rådal.


Skogafjellstunnelen på 1,5 km er lengst sør på veganlegget, mellom Svegatjørn og Endalausmarka. I Endalausmarka skal det byggjast ein ny fylkesvegarm på 1,1 km som knyt E39 til Lyseklostervegen og nye næringsområde. Dagsona gjennom Endalausmarka blir på 1,1 km, og ender opp i Lyshorntunnelen i nordenden av marka.

Lyshorntunnelen kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meters lengde. Vidare nordover går E39 gjennom den 2,2 km lange Råtunnelen. Denne tunnelen kjem i fjellet vest for dagens vegsystem Forbi Rådal og Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens rv. 580 sør for Troldhaugtunnelen.


Dagens rv. 580 blir også lagt i tunnel mellom Sørås og Skeievatn, med nytt kryssområde på Flyplassvegen ved Skeievatn.
Det blir bygd toplanskryss – kryss i to høgder - i alle dagsonene mellom Svegatjørn og Rådal.

E39 Svegatjørn-Rådal

Veg:
E39
Fase:
Byggefase
Kommunar:
Bergen, Bjørnafjorden
Fylker:
Vestland
Lengde:
16 250 meter ny E39
Omfang:
Totalt 18 000 meter hovudveg, 1 300 meter ny fylkesveg med gang- og sykkelveg.
Finansiering:
Bompenger, Stat
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2010-2019
Totalkostnad:
6,50 milliarder. Prisnivå 2014
Oppstart:
2015
Antatt opna:
2022

Området. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakt Statens vegvesen

Prosjektkontor

Besøksadresse:
Hamrevegen 250, 5243 Fana e-post:

Kontaktar

Kelly Nesheim Iversen

Prosjektleder
Telefon:
94805580
E-post:

Sverre Ottesen

Assisterende prosjektleiar
Telefon:
469 15 177
E-post:

Kari Bremnes

Byggjeleiar Svegatjørn–Fanavegen
Telefon:
469 15 177
E-post:

Terje Gundersen

Byggjeleiar elektro
Telefon:
469 15 177
E-post:

Espen Martinsen

Byggjeleiar Rådal - Nordås - Flyplassvegen
Telefon:
469 15 177
E-post:

Solveig Randi Sløveren

Nabokontakt
Telefon:
469 15 177
E-post:

Ingrid Feet Bjørgo

Kommunikasjonsrådgjevar
Telefon:
97078677
E-post:

Sist oppdatert: