Måndag morgon blir trafikken lagt om på lokalvegane for dei som skal av og på E39 i Veibustkrysset.

Slik blir nytt køyremønster i Veibustkrysset. Lokaltrafikken frå Kvasneset skal ikkje lenger køyre gjennom undergangen, men direkte av og på frå rundkøyringa. På høgre side av den nye vegstubben, inn mot fjellskjeringa, blir det no etter kvart gang- og sykkelveg.
Slik blir nytt køyremønster i Veibustkrysset. Lokaltrafikken frå Kvasneset skal ikkje lenger køyre gjennom undergangen, men direkte av og på frå rundkøyringa. På høgre side av den nye vegstubben, inn mot fjellskjeringa, blir det no etter kvart gang- og sykkelveg. Foto: Amy Elise Floen Alnes

Arbeida i Veibustkrysset går etter planen, og måndag morgon legg vi om lokaltrafikken ut på rundkøyringa og stenger undergangen under E39. Det blir manuell dirigering ein periode, fram til det nye køyremønsteret er etablert, seier byggeleiar Ingar Walbø i Statens vegvesen.

Den gjennomgåande trafikken på E39 vil ikkje bli særleg påverka av denne endringa, dei køyrer framleis gjennom rundkøyringa og opp på Vegsundbrua. Busstoppen blir også som før ein periode framover, og den blir flytta når den nye gangveg på austsida av vegenstår ferdig.

Sprenging og muring

Busengdal er hovudentreprenør på anlegget, og eit stort arbeid er utført på plassen sidan oppstart i november i fjor. Mellom anna er det mura opp rundt 400 m2 med natursteinsmur, og 17.000 m3 med fjell er sprengt ut og flytta, for å bygge nye ramper til E39 og omkøyringsveg opp på Vegsundbrua.

Firmaet Kjell Foss har vore underentreprenør på fjellsprenging, og no er hovuddelen av sprengingsarbeidet utført. Noko mindre sprengingsarbeid står att innpå industriområdet på vestsida av rundkøyringa.

- Neste store milepel kjem når trafikken blir ført over på rampa opp mot Vegsundbrua, og vi kan byrje å rive den gamle undergangen. Så kjem entreprenøren Christie inn for å bygge ny og større bru der den gamla undergangen stod, seier Walbø.