Anleggsarbeida i E39 Veibustkrysset i Sula er kome godt i gang, og onsdag 17. desember blir trafikken ført over på ei midlertidig rundkøyring.

- Arbeidet har så langt gått etter planen. Vår entreprenør, Busengdal AS, har plassert mykje kortreist stein frå Kongshaugstranda kloakkrenseanlegg, for å bygge  omkøyringsveg langs E39. Dette kjem til nytte i neste fase til våren, seier byggeleiar Ingar Walbø i Statens vegvesen.

Trafikken gjennom Veibustkrysset på E39 rett sør for Ålesund vil gå på den nye rundkøyringa fram til månadsskiftet april/mai. Då vil det bli ei ny endring i køyremønsteret.

Dronefoto av krysset der ein ser mykje stein er frakta inn. Arbeidet med å bygge om Veibustkrysset er i full gang, og onsdag 17. desember blir trafikken lagt over på ein midlertidig rundkøyring. Fartgrensa blir 50 km/t.
Arbeidet med å bygge om Veibustkrysset er i full gang, og onsdag 17. desember blir trafikken lagt over på ei midlertidig rundkøyring. Fartgrensa blir 50 km/t. Foto: Statens vegvesen

Hovudentreprisen i Veibustkrysset starta opp i byrjinga av november, og med ein mild desember såg entreprenøren ein moglegheit til å etablere rundkøyringa allereie no før jul.

- Det er mykje anleggstrafikk i området no, og ein rundkøyring vil betre trafikktryggleiken i anleggsfasen for alle trafikantar. Folk må vere merksame på endra køyremønster og sette ned farten slik det er skilta, seier Walbø.

På nyåret skal entreprenøren starte med å sprenge ut fjell sør for E39, for å gjere plass til nye av- og påkøyringsramper og bygge opp ny omkøyringsveg på sørsida av eksisterande veg.

Dronefoto med påteikna skisse. Slik blir den nye rundkøyringa, med tre armar og rabattar.
Slik blir den nye rundkøyringa, med tre armar og rabattar. Foto: Statens vegvesen