Reguleringsendring for E39 Veibustkrysset vart vedtatt av Sula kommune 18. juni. Endringa omfattar løysing for kollektivtrafikk og gåande/syklande.

Kommunestyret i Sula vedtok reguleringsendringa 18. juni, i sak 053/25. E39 Veibustkrysset er bevilga statlege midlar til bygging frå hausten av. I samband med byggeplanlegginga, såg ein behov for å gjere nokre endringar i vedteken reguleringsplan. Dette vart handsama i ein forenkla prosess, og vedtak ligg no føre.

Hovudformål med reguleringsendringa er å endre plassering av kollektivløysing og tilrettelegge for tilhøyrande gangsamband. Busslommene vert flytta frå eit planlagt område ved Kongshaugstranda/småbåthamna til ei plassering ved E39 som i dag. Gjennomføring av tiltaket medfører også nokre andre endringar frå vedteken reguleringsplan.

Endringa var ute på høyring, og vedtak, dokument og oversikt over merknadshandsaming ligg i filene under her:

Prosjektet vert lyst ut i starten av august, og planlagt oppstart er oktober/november 2025.

Aktuelt for fylke: Møre og Romsdal, Sula