Prosjektet er no inne i ein fase der det blir sett på reduksjon i kostnadane for å komme ned mot styringsmålet i NTP 2022-2033 på 1.012 mill. (2021-kr).

Etter ein gjennomført verdianalyse har Statens vegvesen i samarbeid med Volda kommune avgjort å starte opp ei endring av reguleringsplana

Reguleringsplanen for E39 Volda-Furene vart godkjent den 31. mai 2018. Kostnaden for prosjektet var den gang 1142 mill. kroner.

Dette var langt over kostnaden på 900 mill. kroner som låg inne i Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2018-2029.

Det vart derfor satt i gang eit arbeid med å finne kostnadskutt i prosjektet. Det lykkast ikkje å finne store kostnadskutt innafor rammene av godkjent reguleringsplan, og det blei konkludert med at det var nødvendig å vurdere ei endring av reguleringsplanen.

På bakgrunn av dette utgreiingsarbeidet ville ikkje Vegdirektoratet sende over ein søknad til Samferdselsdepartementet for å be om å auke styringsmålet for prosjektet.

Prosjektet er no inne i ein fase der det blir sett på reduksjon i kostnadane for å komme ned mot styringsmålet i NTP 2022-2033 på 1.012 mill. (2021-kr). Dette har vist seg å vere svært vanskeleg å få til utan å gjennomføre endringar av godkjent reguleringsplan.

Volda kommune er planmyndigheit og må vere samde med Statens vegvesen i at det er nødvendig å gjere endringar i prosjektet. Leiinga i Statens vegvesen bestemte derfor bestemt at det skulle gjennomførast ein verdianalyse av prosjektet. Rapportane for både ei intern analysegruppe og frå ekstern konsulent blei levert medio januar 2022. 

Med bakgrunn i verdianalysen har Statens vegvesen i samarbeid med Volda kommuneavgjort å starte opp ei endring av reguleringsplana

Veg:
E39
Fase:
Planfase
Kommunar:
Volda
Fylke:
Møre og Romsdal
Lengde:
3800 meter
Nasjonal transportplan:
Omtalt i NTP 2022–2033
Totalkostnad:
1012 mill. kroner
Oppstart:
2025

E39 Volda-Furene © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakt Statens vegvesen

Prosjektkontor

Besøksadresse:
Fylkeshuset i Molde

Kontaktar

Rolf Arne Hamre

Prosjektleder
Telefon:
909 22 459
E-post:

Gisle Fossen

Planleggingsleder
Telefon:
975 11 892
E-post:

Sist oppdatert: