E16 Dalseidtunnelen
Kva?
Oppgradering av Dalseidtunnelen for å oppfylle tunneltryggingskrav.
Kvifor?
Sidan 2015 har Statens vegvesen oppgradert riksvegtunnelar i heile landet. Det skal gi betre branntryggleik, styringssystem og andre tryggingstiltak.
Kart
Framdrift
Sidan 2015 har Statens vegvesen arbeidd med oppgradering av 200 riksvegtunnelar i heile landet. Målet er å innfri krava i tunneltryggleiksforskrifta.
Oppgradering av Dalevåg- , Dalseid- , Trollkone-, Hyvinga- , og Hernestunnelen ved Dale starta i 2022. Dalevåg er no den einaste som står att å bli fullført.
Tunnelen skal vera ferdig oppgradert i løpet av 2025.
Aktuelt
-
E16 stengd aust for Dale 11. oktober
— Laurdag 11. oktober skal den siste portal-seksjonen på Dalseidtunnelen støypast. Dette betyr at E16 vert stengd frå laurdag kl. 07.00 til ca. 12.00 søndag.
-
Ny stenging på E16 Bergen-Voss 20. september
— Laurdag 20. september blir det ny portal-støyp på Dalseidtunnelen. Dette betyr at E16 vert stengd i litt over eit døgn frå laurdag morgon.
-
Ny stenging på E16 Bergen-Voss laurdag 30. august
— Laurdag 30. august skal ein ny seksjon av portalen på Dalseidtunnelen støypast. Dette betyr at E16 vert stengd aust for Dale i over eitt døgn.