Ny stenging på E16 Bergen-Voss laurdag 30. august
Laurdag 30. august skal ein ny seksjon av portalen på Dalseidtunnelen støypast. Dette betyr at E16 vert stengd aust for Dale i over eitt døgn.
E16 blir stengt ved Dalseidtunnelen frå kl 07.00 laurdag morgon og fram til klokka 12.00 søndag føremiddag.
Omkøyring for gjennomgåande trafikk blir via Hardanger på fv. 49, fv. 79 og rv. 13 på ruta Trengereid – Norheimsund - Granvin.
- I helga som var fekk me støypt ein ca 20 meter lang seksjon av den nye rassikrings-portalen. I helga blir det nok ein stor støyp. Då skal den andre av totalt fire seksjonar støypast, og det er ein del på ca 12 meters lengde, seier prosjektleiar Eirik Matre Røthe i Statens vegvesen.
Slik som sist, må europavegen haldast stengt medan betongen går i forma og det herdar. Tunnelen vil vere stengt for all trafikk, utanom utrykkingskøyretøy i aktiv utrykning.
Vegvesenet skal ha trafikkdirigentar på Voss og i Trengereid for å sikre at gjennomgåande trafikk kjem inn på omkøyringsruta. Fylkeskommunen vil også ha trafikkvakter som følgjer med på trafikken, og set i gang dirigering ved behov.