Susanne Svardal
- E-post:
Lærdalstunnelen er 24,5 km lang, og vart opna i november 2000. Tunnelen er den lengste vegtunnelen i verda, og han skal no oppgraderast for å oppfylle dagens tryggingskrav.
Sidan 2015 har Statens vegvesen oppgradert riksvegtunnelar i heile landet. Det skal gi betre branntryggleik, styringssystem og andre tryggingstiltak. Lærdalstunnelen har passert 25 år og er moden for oppgradering.
Sidan 2015 har Statens vegvesen arbeidd med oppgradering av 200 riksvegtunnelar i heile landet. Målet er å innfri krava i tunneltryggleiksforskrifta.
Statens vegvesen lyste ut arbeidet med å oppgradere verdas lengste vegtunnel i oktober 2025. Fire selskap har forespurt å vera med på konkurransen.
Oppgradering av E16 Lærdalstunnelen startar hausten 2026.
Tunnelen er planlagt nattestengd medan arbeidet pågår, med gjennomkøyring med buss til gitte tider for å sikre transport av folk mellom dei to kommunane. Uttrykkingskøyretøy og legevakt får eigne ordningar for å sleppe igjennom.
På grunn av store spenningar i berget, vil arbeidet med tunnelen bli særleg krevjande. Når dei tyngste arbeida med sprenging og sikring er utførd, vil det vere mogleg å sleppe noko meir trafikk gjennom tunnelen sjølv om det pågår arbeid på natt.
Arbeidene vil pågå frem til 2030/31.
Lærdalstunnelen er verdas lengste vegtunnel med ei lengde på 24509 meter. Tunnelen stod ferdig i 2000 og inngår i TEN-T vegnettet. Den gjennomsnittlege døgntrafikken for tunnelen er ca. 2100 kjøretøy, med ein tungtrafikkandel på 26 %.
I Lærdal kommune er reguleringsplan for masselagring godkjend, og ein jobbar med reguleringsplan på Aurland-sida. Det er ei målsetting at massane skal kunne brukast og forvaltast av kommunane i åra framover.
Utlysning av oppgraderingsjobben gjekk ut hausten 2025, og arbeidet har planlagt oppstart hausten 2026.