Samferdsledepartementet har bede Statens vegvesen sende konseptvalutgreiinga for E39 kryssing av Bømlafjorden ut på høyring.

Merknader til konsekvensutgreiinga må merkjast med Høyring KVU E39 kryssing av Bømlafjordtunnelen, sak 21/210252, og skal sendast skriftleg, anten som e-post eller brev, innan 28.06.2024 til:
E-post:
Brev: Statens vegvesen, Pb. 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer.

Høyringsfristen er 28. juni 2024. 

Skildring av prosjektet

Konseptvalutgreiinga KVU E39 kryssing av Bømlafjorden har som formål å utgreie konsept som vil kunne gje effektiv og trygg fjordkryssing over Bømlafjorden. Med «effektiv» meinast at det vert lagt vekt på samfunnsøkonomisk nytte i vid forstand, både med omsyn til prissette og ikkje prissette verknadar.

Bømlafjordtunnelen vart opna i 2000 og har ein standard som er lågare en dagens krav til nye tunnelar, særleg med omsyn på stigning. Den har forbikøyringsfelt og vart oppgradert i samsvar med krav i tunnelsikkerheitsforskrifta i 2019/2020. Lange og bratte eit-løps tunnelar, der det ikkje er mogeleg å rømme ut bortsett frå i endane, er i første rekkje krevjande med omsyn på persontryggleik.

Det har vore ein føresetnad for vurderingane at E39 Stord–Os vert bygd.

Det er utgreidd seks ulike konsept (K1–K6). Dei spenner frå utbetring av dagens veg og tunnel, via utvikling til firefelts veg i dagens trasé med nytt, parallelt tunnelløp, til heil omlegging i nye traséar. Alle konsept som er utgreidd, strekkjer seg heilt frå Førland i Stord til Hope i Sveio for å fange opp alle, og for å gjere det mogeleg å samanlikne.

Tilråding

Statens vegvesen tilrår at konsept K3 vert valt. Dette konseptet gjer det mogeleg å utvikle dagens E39 til firefelts veg. Det inneber bygging av ny, tunnel parallelt med dagens Bømlafjordtunnel. I Stord, mellom Førland og Ådland fell konseptet saman med godkjend kommunedelplan for E39 Ådland–Svegatjørn. Frå Ådland til Heiane skal vegen følgje kommunedelplanen. Vidare til Digernessundet vil dagens veg bli utvida til fire felt. Det må byggjast ny Stordabru for å få to ekstra felt. I Sveio er det aktuelt å nytte eit alternativ frå framtidig kommunedelplan Bokn–Bømlafjordtunnelen fram til Hope.

Kostnaden med dette konseptet er den klart lågaste av dei som gjev firefelts veg, sjølv om det ikkje er det som gjev størst nytte for trafikantane. Det er heller ikkje det som har dei lågaste konsekvensane for ikkje prissette tema – det er det konsept med få og små tiltak, eller med lange tunnelar, som har.

Styrken til konseptet ligg i at det er fleksibelt. Det kan tilpassast situasjonen og byggjast ut i etappar når behovet er stort nok. Samstundes kan det gje tilfredsstillande tilhøve for sjølve fjordkryssinga (Bømlafjordtunnelen), og leggje til rette for ein framtidig firefelts veg på heile E39-strekninga mellom Bergen og Stavanger.

Høyring/offentleg ettersyn

Konseptvalutgreiing (KVU) for E39 kryssing av Bømlafjordtunnelen vert sendt på høyring i tida 20.03.2024 – 28.06.2024.

Ta gjerne kontakt: 

Eventuelle spørsmål om høyringsprosessen og konseptvalutgreiinga kan rettast til:
Ole-Mathias Nes, prosjektleiar KVU E39 Kryssing av Bømlafjorden,
e-post: