Artikkelen er frå 2011, og innhaldet kan vere utdatert.

I rapporten for konseptvalutgreiinga av E39 Søgne-Ålgård er det oppgitt feil kostnadstal for eit av konsepta.

I rapporten for konseptvalutgreiinga av E39 Søgne-Ålgård er det oppgitt feil kostnadstal for eit av konsepta.

- Det viser seg dessverre at det er oppgitt feil kostnad for firefelts-konseptet i rapporten. Kostnaden skal vere 11 milliardar kroner, eller 43 prosent, dyrare enn oppgitt, seier Karl Sandsmark, prosjektleiar for KVU E39 Søgne-Ålgård.

Kostnaden for firefelts-konseptet vert 36,9 milliardar kroner, mot tidlegare oppgitt 25,8 milliardar kroner.

Feilen vart oppdaga då konsulentar som skal kvalitetssikre rapporten fekk oversendt materiale om kostnader.

- I ein hektisk fase i prosjektet har vi ikkje oppdatert rapporten og øvrig materiale etterkvart som berekningar kom frå konsulent. No har vi gått gjennom materialet og korrigert reknefeil. Det er også nokre små feil på vegnormal- og midtrekkverk-konsepta, seier Karl Sandsmark.

Sjå vedlagte tilleggsnotat for endra kostnadsoverslag.

Høyringsfristen er utsett til 1. februar 2012.

Aktuelt for fylke: Agder, Rogaland