Det største prosjektet i pakken gjeld tiltak langs fv. 601 (tidlegare fv. 481) Angedalsvegen. 

Prosjektet omfattar to av tiltaka i pakken, tiltak 15 og tiltak 19. Tiltak 15 strekkjer seg frå Førdehuset til Prestefossbrua (1,4 km), og tiltak 19 frå Prestefossbrua til Slåtten skule( 0,4 km). I tillegg vert vel 100 meter av gang- og sykkelvegen i Vievegen (langs høgskulen) opprusta.

Det er planlagd sykkelveg med fortau på nordsida av vegen.

Det vert bygd 1,8 km med  ny sykkelveg med fortau. Syklande og gåande vert skilde frå biltrafikken med ein liten rabatt. Det vert færre og tryggare avkøyrsler ved at fleire er samla i fellesavkøyrsle  og det vert god sikt.  Dagens køyreveg vert utbetra og får jamn breidde på 6,5 meter heile strekninga. På to punkt vert vegen heva for å unngå at vegen vert steng ved flaum.

Det er planlagt busstopp omlag der desse ligg i dag. Busstoppa vert  bygde som kantstopp, og det er sett av plass til leskur. I krysset ved Prestefoss bru vert  tilhøva for mjuke trafikantar vert tryggare, og det vert betre plass for bussane gjennom krysset.

Angedalsvegen er ein viktig veg mellom sentrum , FSS og store bustadområde. Angedalsvegen er skuleveg for elevar ved Førde barne – og ungdomsskule, for Slåttens skule, samt Høgskulen på Vestlandet. Mange nyttar og vegen til og frå arbeid i sentrum eller ved FSS. Vegen blir og viktig tilkomst til Førdehuset og Hafstadparken. Tiltaket vil gje betre trafikktryggleik og ikkje minst ein trygg skuleveg. Framkomsten for alle trafikantgrupper, både mjuke trafikantar og køyrande, vert betre. Angedalsvegen inngår i hovudsykkelruta, og tiltaket vil bidra til eit samanhengande og effektivt sykkelnett.

Måla i delprosjektet er:

Talet på gåande og syklande i Førde aukar

  • Samanhengande system for mjuke trafikantar
  • Trygt for gåande og syklande (færre ulykker/konfliktpunkt mellom køyrande og mjuke trafikantar)

Talet som brukar buss aukar

  • God framkomst for kollektiv og tilrettelagde haldeplassar

Framkomst

  • God framkomst for alle trafikantgrupper
  • Vegen vert ikkje stengd ved flaum

Strekninga er under planlegging

Del 1 Førdehuset – Presteholten:
Reguleringsplan for strekninga mellom Førdehuset og Presteholten var på høyring i 2019, og justert plan vart vedteken av formannskapet i Sunnfjord kommune 26. mars 2020. Planomtale del 1 med kart og føresegner finn de her. (Last ned)

Del 2 Presteholten – Slåtten skule
Formannskapet vedtok 6/2-20 å legge planen ut til offenteg høyring. Planomtale del 2 med kart og føresegner finn du i vedlegga under.

Etter at reguleringsplan er vedteken vil prosjektet bli prosjektert og det vert laga konkurransegrunnlag. Samstundes vert og alle grunneigarar kontakta med tanke på avtalar om grunnerverv.

Sjølve bygginga av tiltaket vil truleg starte 2021/2022.

Frist for å sende innspel eller merknader til Angedalsvegen del 2:

Siste frist er 22. mai 2020

Planen er no på høyring og på grunn av situasjonen med koronaviruset vert det endringar i planprosessen. Det vert ikkje noko kontordag eller felles informasjonsmøte. Vi ber om at de tek kontakt med Magna Vangsnes som er planansvarleg i Førdepakken eller Vigdis Lobenz for samtale og evt. synfaring.

Magna Vangsnes magna.vangsnes@vegvesen.no  mob 951 91 963

Vigdis Lobenz vigdis.lobenz@sunnfjord.kommune.no  mob 975 17 380

Merknader skal sendast til postmottak@sunnfjord.kommune.no eller Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde.

Vi ber om at merknaden ver merka med: Referanse 20/865

Alle plandokumenta finn de her på Sunnfjord kommune si heimeside under kunngjeringar.

Døme på trafikkbilde ved dagens situasjon. ( Foto: Ukjent