Det skal byggjast ein separat gang- og sykkeltunnel parallelt med Klettentunnelen på austsida av rv. 5. Denne vil erstatte den smale gang- og sykkelvegen i dagens tunnel, og gi betre tilhøve for gåande og syklande frå Hornnes og Bergum inn til sentrum.

Ein ny plan for rv.5 Klettatunnelen 2 for området på nordsida av Kletten vart vedteke i Sunnfjord kommunestyre 27. november 2019. For området på sørsida, mellom Hundvebakke og Korsen, gjeld framleis planen Kletten gs-tunnel vedteken 26. oktober 2017.

Førdepakken
Det er dårlege tilhøve for syklistar i Klettentunnelen. Foto: Ingar Hals