Konsept 1 følgjer i grove trekk dagens fylkesveg 49 frå Trengereid til Jondal og vidare til Odda. Deretter følgjer den rv. 13 opp til Jøsendal.

Arbeidet med konseptvalutgreiinga (KVU) er no avslutta, og rapporten med Statens vegvesens tilråding er sendt til Samferdselsdepartementet. No skal han gjennom ekstern kvalitetssikring (KS1). Samtidig skal rapporten ut på høyring slik at alle interessentar kan komme med sine synspunkt. Vegvesenets rapport, KS1 og høyringsinnspela skal til saman danne grunnlaget for regjeringas avgjersle.

– Når vi legg alle vurderingar til grunn – både dei vi kan prissette og de vi ikkje kan måle i konkrete kostnadar, er det konsept 1 som kjem best ut, seier Morten Ask, som har vore prosjektleiar for konseptvalutgreiinga.
– I dette konseptet oppnår vi store reisetidsforbetringar med å bygge ut dei viktigaste delane først, og det er særleg moglegheitene for å bygge trinnvis, som gjer at vi vurderer dette konseptet som det beste. Men på sikt må vi bygge ny veg på store delar av strekninga.

Rapporten og tilrådinga vart lagt fram på møte i referansegruppa den 22. august. 

Presentasjon frå referansegruppemøtet 22. august

KVU E134 arm til Bergen - hovudrapport (pdf)

Vedlegg

KVU E134 arm til Bergen - fagrapport prissatte konsekvensar (pdf)

Konsept - detaljert.pdf

Oppsummert elementbeskrivelse med standard og kostnad.pdf

Verkstad KVU E134 arm til Bergen - Referat.pdf

KVU E134 arm til Bergen - fagrapport ikkje prissatte konsekvensar (pdf)

Berekning av klimagassutslepp ved bygging av E134 arm til Bergen.pdf

Samfunnssikkerheit og beredskap.pdf

Aktuelt for fylke: Rogaland, Agder, Vestfold og Telemark, Vestland