Rv. 658 Ålesund–Vigra (KVU)
Ei konseptvalutgreiing (KVU) for rv. 658 Ålesund–Vigra skal vurdere korleis sikkerheita og framkomsten kan varetakast med stadig aukande trafikk.
Utfordringsnotat for KVU rv. 658 Ålesund–Vigra blei oversendt Samferdselsdepartementet i juni 2021.
Utfordringsnotat for KVU rv. 658 Ålesund–Vigra (PDF)
9. og 11. november 2021 arrangerte Statens vegvesen og Norconsult idéverkstad om KVU-en: Verkstadrapport KVU rv. 658 Ålesund–Vigra (PDF)
På idéverkstaden holdt Aud Tennøy frå Transportøkonomisk institutt (TØI) denne presentasjonen: KVU rv. 658 - presentasjon Aud Tennøy (idéverksted).pdf
Konseptvalutgreiinga vil sjå på fleire ulike konsept for å løyse utfordringane.
I KVU-arbeidet blir det brukt ein firetrinnsmodell for å utvikle konsept:
- Revurdere: Kan ein setje i verk tiltak som reduserer transportbehovet, eller kan andre transportformer utnyttast betre?
- Optimere: Kan den eksisterande infrastrukturen optimaliserast og gi meir effektiv utnytting?
- Byggje om: Kan ein byggje om eksisterande infrastruktur, til dømes utvide eksistande vegar?
- Byggje nytt: Dersom dei tre første trinna ikkje løyser det definerte behovet, står ein att med nyinvesteringar og større ombygging av infrastruktur.
Statens vegvesen reknar med at konseptvalutgreiinga kan vere klar i ved årsskiftet 2022/23. Dette er blant anna avhengig av kva utgreiingar som må gjerast.
- Veg:
- Rv. 658
- Fase:
- Utgreiingsfase
- Kommunar:
- Giske, Ålesund
- Fylke:
- Møre og Romsdal