Ei konseptvalutgreiing (KVU) for rv. 658 Ålesund–Vigra skal vurdere korleis sikkerheita og framkomsten kan varetakast med stadig aukande trafikk.

Ei konseptvalutgreiing (KVU) for rv. 658 Ålesund–Vigra skal vurdere korleis sikkerheita og framkomsten kan varetakast med stadig aukande trafikk.

Tunnelane er sikre for trafikantane i dag. Statens vegvesen er i ferd med å sluttføre tiltak som sikrar at rv. 658 Ellingsøytunnelen og rv. 658 Valderøytunnelen oppfyller krava i tunnelsikkerheits­forskrifta.

Sikkerheit og framkomst med auka trafikk

Ålesundtunnelane, Ellingsøytunnelen (ÅDT 10 100) og Valderøytunnelen (ÅDT 8 300) på rv. 658, har høgare trafikk enn dei fleste andre undersjøiske tunnelar i Norge, inkludert rv. 23 Oslofjord­forbindelsen (ÅDT 7 400).

Ellingsøytunnelen er 3 520 meter lang og når 144 meter under havet. Største stigning er 8,5 %. Tunnelen har eit halvt kryss i fjell.

Valderøytunnelen er 4 222 meter lang og når 137 meter under havet. Største stigning er 8,5 %.

Oslofjordtunnelen er 7 306 meter lang. Det djupaste punktet i tunnelen er 134 meter under havet og største stigning er 7 %.

Illustrasjon av tunnelkonsept.Foto.
Illustrasjon av tunnelkonsept. Foto: Statens vegvesen

Oslofjordtunnelen har større breidde og betre kurvatur enn Ålesundtunnelane.

Tunge køyretøy utgjer eit problem for Oslofjordtunnelen. Den har tre gonger så mange køyretøy over 12,5 meter som Ellingsøytunnelen. Køyretøya i Ålesundtunnelane må derimot køyre opp og ned av to tunnelar som er langt brattare.