Samferdselsdepartementet har bede Statens vegvesen sende konseptvalutgreiinga for rv. 658 Ålesund-Vigra ut på høyring.

Merknadar til KVU-en må merkast med «Høyring KVU rv. 658 Ålesund-Vigra, sak 24/64108» og sendast skriftleg anten som e-post eller brev til:
E-post:
Brev: Statens vegvesen, Pb. 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer.

Høyringsfristen er fredag 28. juni.

Skildring av prosjektet

KVU rv. 658 Ålesund-Vigra har som formål å greie ut konsept for eit påliteleg, trafikksikkert og trygt samband mellom Giske kommune, Ålesund lufthamn, Vigra og Ålesund byområde. Konseptvalutgreiinga skal vurdere korleis tryggleik og framkomme for aukande trafikk kan ivaretakast på ein berekraftig måte.

På strekninga rv. 658 Ålesund-Vigra ligg Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen, som vart opna i 1987. Dei er blant dei eldste undersjøiske tunnelane vi har i landet. Auka trafikk vil gi større risiko for hendingar og behov for å stengje tunnelane i kortare eller lengre tid. Det finst inga omkøyringsmoglegheit for Valderøytunnelen til Giske kommune og Vigra lufthamn.

Anbefaling

Vi tilrår ei todelt innstilling der konsept K1, K2 og K3 i kombinasjon av buss, båt, mindre vegtiltak og rom for assistert redning inngår i første del. Dersom det viser seg at K1 og K2 i kombinasjon med K3 ikkje gir god nok effekt i forhold til prosjektutløysande behov som er branntryggleik og tunneltryggleik, er konsept K5 med nytt parallelt tunnelløp neste del. Dette konseptet føreset fråvik frå tekniske krav i vegnormalane.

Totalt sett har alle konsept negativ netto nytte i den samfunnsøkonomiske analysen, men netto nytte er minst dårleg for konsepta som ligg innan kombinasjonskonseptet. Dersom det viser seg at kombinasjonskonseptet ikkje gjev ønskja effekt er vår tilråding konsept K5, parallelt tunnelløp som gjev rømmingsmoglegheit og auka kapasitet. Tilrådinga opnar for ei trinnvis utvikling.

Høyring/offentleg ettersyn

Konseptvalutgreiing (KVU) for rv. 658 Ålesund-Vigra blir sendt på høyring i perioden 21.03.2024-28.06.2024.

Hovudrapport og vedlegg kan lastast ned herifrå:
Rv. 658 Ålesund–Vigra (KVU) | Statens vegvesen.

Ta gjerne kontakt

Eventuelle spørsmål om høyringsprosessen og konseptvalutgreiinga kan rettast til
• Andre Moltubakk, prosjektleiar:

• Cathrine Helle-Tautra, seksjonssjef utredning midt:
cathrine.helletautra@vegvesen.no