Rv. 658 Ålesund–Vigra (KVU)
Føremålet er å utgreie konsept for ei påliteleg, trafikksikker og trygg forbinding mellom Giske kommune, Ålesund lufthamn, Vigra og Ålesund byområde.
Ei konseptvalutgreiing (KVU) for rv. 658 Ålesund–Vigra skal vurdere korleis sikkerheita og framkomsten kan varetakast med stadig aukande trafikk.
Ålesund-regionen har no den klart største konsentrasjonen av kapital, næringsliv og busette mellom Trondheim og Bergen, og den klart største veksten. Ålesund lufthamn, Vigra, er den største lufthamna mellom Trondheim og Bergen, med godt over ein million passasjerar årleg.
På strekninga rv. 658 Ålesund-Vigra ligg Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen, som vart opna i 1987, og er blant dei eldste undersjøiske tunnelane vi har i landet. Økt trafikk i desse tunnelane vil gje større sannsynlegheit for hendingar og behov for å stengje tunnelane i kortare eller lengre tid. Det finnst ingen omkøyringsmoglegheit for Valderøytunnelen til Giske kommune og Vigra lufthamn.
Utfordringsnotat for KVU rv. 658 Ålesund–Vigra blei oversendt Samferdselsdepartementet i juni 2021.
Referansegruppemøte torsdag 28. september
Torsdag 38. september arrangerte Statens vegvesen eit møte i referansegruppa for KVU rv. 658 Ålesund-Vigra på Teams. Føremålet med møtet var å gje deltakarane informasjon om det pågåande utgreiingsarbeidet for konseptval rv. 658 Ålesund-Vigra, mellom anna ei rangering av dei forskjellege konsepta som vi jobbar vidare med.
Referansegruppemøte KVU rv. 658 Ålesund-Vigra 280923.pdf
Last ned:
Presentasjon referansegruppemøte KVU rv. 658 Ålesund-Vigra 9. mars 2023
Presentasjon kollektivkonsept referansegruppemøte 9. mars 2023
Referat referansegruppemøte 9. mars 2023
Utfordringsnotat for KVU rv. 658 Ålesund–Vigra (PDF)
Tildelingsbrev fra samferdselsdepartementet 27. juni 2017
Supplerende oppdragsbrev fra samferdselsedepartementet 14. mars 2019
Presentasjon av Aud Tennøy (TØI) om KVU rv. 658 på ideverkstad 9. og 11. november 2021
Rapport frå ideverkstad KVU rv. 658 Ålesund–Vigra (PDF) 9. og 11. november 2021
Konseptvalutgreiinga vil sjå på fleire ulike konsept for å løyse utfordringane.
I KVU-arbeidet blir det brukt ein firetrinnsmodell for å utvikle konsept:
- Revurdere: Kan ein setje i verk tiltak som reduserer transportbehovet, eller kan andre transportformer utnyttast betre?
- Optimere: Kan den eksisterande infrastrukturen optimaliserast og gi meir effektiv utnytting?
- Byggje om: Kan ein byggje om eksisterande infrastruktur, til dømes utvide eksistande vegar?
- Byggje nytt: Dersom dei tre første trinna ikkje løyser det definerte behovet, står ein att med nyinvesteringar og større ombygging av infrastruktur.
Statens vegvesen reknar med at konseptvalutgreiinga kan vere klar i ved årsskiftet 2022/23. Dette er blant anna avhengig av kva utgreiingar som må gjerast.
- Veg:
- Rv. 658
- Fase:
- Utgreiingsfase
- Kommunar:
- Giske, Ålesund
- Fylke:
- Møre og Romsdal