Endra køyremønster langs Kristiansholm (fv. 577) i Sandviken
Frå slutten av veke 35 blir det endra køyremønster i Sjøgaten langs med Kristiansholm i Sandviken.
Det vil bli opprettheldt to køyrefelt på strekninga, men køyrefelta vil bli flytta ut på den gamle Neumannstomta mens arbeida langs med Sandvikstorget går føre seg. Arbeida inneber bygging av ny sykkelstamveg langs med Sandvikstorget, i tillegg til etablering av rundkøyring i krysset Sjøgaten/Sandviksveien. Vegen vil bli tilbakeført til dagens trasé når arbeida med Sykkelstamvegen mellom Sandvikstorget og Glass Knag er ferdige.
– Den midlertidige omlegginga av vegen over på den gamle Neumannstomten vil vere positiv for både trafikantane og anleggsarbeidarane, då den både gir ein meir føreseieleg reisekvardag for trafikantane og ein enklare arbeidskvardag for Vassbakk & Stol, forklarar byggeleiar Bjørn Rusten Lundberg
Busstoppet ved Sandvikstorget i nordgåande retning vil under omkøyringsperioden bli flytta lenger sør, vis-à-vis busstoppet for sørgåande retning.
Endra innkøyring til Sandviksveien
Trafikantane som skal opp i Sandviksveien (fv. 5342) må nå køyre inn ved Bakersmauet/Sandvikstorget, mens utgåande trafikk frå Sandviksveien vil gå som normalt via krysset ved Bergen Arkitekthøgskule. Signalanlegget i krysset vil vere ute av drift mens arbeida går føre.
Kontaktperson:
- Bjørn Rusten Lundberg
- Byggeleiar for E39 Sykkelstamveg Bergen delstrekning 6
- Mobil: +4797422488
- E-post: