Artikkelen er frå 2017, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen startar bygging av sykkelstamvegen så snart finansieringa er på plass. Første etappe blir strekninga mellom Asser Jåttens veg og Sandnes grense.

- Vi håper at-, og rekner med at finansieringa er på plass i løpet av året. Det er i alle fall det vi planlegg etter, seier prosjektleiar for sykkelstamvegen, Kari Smådal Turøy.

Fullmakt frå Stortinget

Stortinget vedtok før påske å gi samferdsledepartementet fullmakt til å sette i gang Sykkelstamvegen på strekninga Sørmarka–Smeaheia.

Første bygge-etappe blir strekninga frå Asser Jåttens veg (sør for Diagonalen) til Sandnes grense (sjå kart).

- Grunnen til at vi gjer det slik er at det parallelt blir jobba med nye planar for krysset med Diagonalen, og vi vil unngå å bygge noko som må byggast om når dei planane er klare.

Kan stå ferdig i 2020

Prosjektleiaren fortel at dersom arbeidet kjem i gang i løpet av året og finansieringa kjem på plass, reknar ho med å ha bygt til Sandnes innan 2020, og at heile Sykkelstamvegen kan vere ferdig til 2023.

- Men det er langt fram, og eg må presisere at det kan oppstå ting som gjer at det blir endring i planane, seier ho.

kart som viser byggetrinn 1 av sykkelstamvegen, Asser Jåttens vei til Sandnes grense
Strekninga mellom Asser Jåttens vei og Sandnes grense blir bygt først. Foto: Visuell kommunikasjon, Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Rogaland