Artikkelen er frå 2018, og innhaldet kan vere utdatert.

Risa AS leverte det lågaste tilbodet på å bygge den første strekninga av Sykkelstamvegen, mellom Asser Jåttensvei og Oalsgata.

Seks firma gav tilbod då prosjektet blei lyst ut før sommaren. Risa AS hadde det  lågaste tilbodet, på i overkant av 293,6 millionar kroner.

– Vi gleder oss til å kome i gang med arbeidet. Vi håpar på å signere kontrakt med Risa AS på første etappe mellom Asser Jåttens vei og Sandnes grense før vi tar ferie, slik at vi kan starte bygging i august/september, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Kari Smådal Turøy.

Strekninga skal vere ferdig i 2020.

Oppstart etter sommaren

Sykkelstamvegen er eit pionerprosjekt for ein høgstandard sykkelveg mellom Stavanger og Sandnes, med mål om å overføre arbeidsreiser frå personbil til sykkel. Sykkelstamvegen skal vere ein effektiv og trafikksikker veg for syklistar.

Les gjerne meir om Sykkelstamvegen og strekninga Asser Jåttensvei-Sandnes grense på prosjektsida hos Statens vegvesen eller følg Sykkelstamvegen på Facebook.

Kart som viser utbyggingsstatus for strekningene per april 2019. Illustrasjon.
Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Rogaland