Artikkelen er frå 2019, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen er godt i gang med å bygge Sykkelstamvegen mellom Stavanger, Forus og Sandnes. Nå blir jobben med å sprenge sykkeltunnel gjennom Auglendshøyden lyst ut på anbod.

– Til sommaren startar vi å bygge Sykkelstamvegen mellom Schancheholen og Sørmarka. Det inneber å sprenge den cirka 380 meter lange sykkeltunnelen, fortel prosjektleiar for Sykkelstamvegen, Kari Smådal Turøy.

Koordinerer for å spare pengar

Då planlegginga av sprengingsarbeidet langs E39 starta, blei det klart at tunneltaket i Auglendstunnelen er i dårleg stand.

– Vi har jobba lenge med å få til to jobbar samtidig. Vi sprenger sykkeltunnelen og skifter med det same takplatene i sørgåande løp i Auglendstunnelen. Når vi koordinerer sparer vi både tid og pengar.

All trafikk i nordgåande løp

Smådal Turøy fortel at arbeidet kjem til å påverke trafikken på E39. Når skolen sluttar til sommaren leiar Vegvesenet bilane som skal sørover inn i nordgåande tunnelløp, slik at det blir tovegs-trafikk der. På den måten får entreprenøren jobbe fritt i sørgåande tunnelløp, med å ta ned dei gamle takplatene sikre tunnelen.

– Vi utnyttar sommarferien når det er lågast trafikk, slik at ulempene for bilistane blir så små som mogleg, seier ho.

Omkøyring via ny sykkeltunnel

Arbeidet på- og ved E39 blir gjort i fleire omgangar.

– Etter sommarferien, så snart takplatene er skifta og Auglendstunnelen sikra, startar sprenginga av sykkeltunnelen på vestsida. Då kan trafikken gå gjennom motorvegtunnelen igjen, men fartsgrensa blir senka så lenge det er anleggsarbeid like ved, forklarar Smådal Turøy.

Når sprenging pågår kan trafikken i denne perioden bli stansa i inntil 10 minuttar.

– Men det skjer aldri i rushtida. Då har vi ikkje lov til å sprenge, seier prosjektleiaren.

Arbeid fram til ettersommaren 2021

Å sprenge sykkeltunnelen kjem til å ta fleire månader, hausten 2020, og fram mot årsskiftet 2020/2021. Etter at sykkeltunnelen er sprengt ferdig må sørgåande løp i Auglendstunnelen vatn- og frostsikrast, så våren og sommaren 2021 fungerer den nye sykkeltunnelen som omkøyringsveg for biltrafikken.

Lenge før du kan sykle gjennom sykkeltunnelen

Kari Smådal Turøy forklarar at det er viktig å gjere arbeidet med sykkeltunnelen når ein likevel skal jobba i biltunnelen, slik at ein hindrar trafikken på E39 éin sommar, og ikkje to.

– Vi sparer både tid og pengar på denne måten, men dessverre blir ikkje resten av Sykkelstamvegen på strekninga ferdig samtidig, så sykkeltunnelen bli ikkje open for syklistar før strekninga er ferdig i 2023.

Tilbodsfrist i februar

Arbeidet med sykkeltunnelen blir lyst ut som totalentreprise. For dei entreprenørane som er interesserte i å gjere jobben, blir det tilbodskonferanse den 20. november.

Frist for å levere tilbod på jobben er 4. februar.

Aktuelt for fylke: Rogaland