Artikkelen er frå 2015, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen ønskjer å teste ut raud asfalt for å sjå kva som egner seg best på den komande sykkelstamvegen.

– Nå har vi lagt prøver på tre stader i Hillevågsveien, seier prosjektleiar for sykkelstamvegen, Kari S. Turøy.

Turøy forklarar at alle dei tre testfelta kjem frå tre forskjellige leverandørar.

– Målet med dei raude felta er først og fremst å teste ut belegg som skal brukast i kryssområda på Sykkestamvegen.

Skal ligge i to år

Vi kjem til å sjå på korleis belegget tåler slitasje frå bildekk, salt og vedlikehaldskøyretøy, seier prosjektleiaren. Ho reknar med at det går to vintrar før vegvesenet må velje kva belegg som egner seg best.

I mellomtida har dei raude prøvefelta i Hillevågsveien ein funksjon.

Venteområde for syklistar

Ved rundkøyringane på kvar side av tunnelen i Skjæringen har vegvesenet tre stader lagt raudt belegg oppå asfalten. Sjølve sykkelfeltet dei siste metrane inn mot rundkøyringa har fått raud farge. Det raude feltet går over i eit område framføre bilane si stopplinje.

Turøy forklarar korleis felta fungerer:

– Ved raudt lys, kan syklistar bruke felta som venteområde. Når trafikken rullar igjen, får syklistane eit lite forsprang på bilane. Dei som skal svinge til venstre får dermed ein kortare og raskare veg til venstre og ut av krysset.

Turøy understrekar likevel at det viktigaste er at syklistane blir meir synlege for dei som køyrer bil. Særleg er det viktig at bilar som skal svinge til høgre er merksame på syklistar som skal rett fram.

Dei raude sykkelfelta blir merka med sykkelsymbol.

Rødt belegg i sykkelboks Hillevågsveien/Mariero. Prøvebelegg til framtidig sykkelstamveg
Afalten i sykkelfelta tre stader i Hillevågsveien har fått raud farge. Etter to vintrar vil ein sjå kva som egner seg best til kryssområda på Sykkelstamvegen. Foto: Undi Torstensen
Aktuelt for fylke: Rogaland