Tunneloppgraderinga på E16 Bergen-Voss går no inn i ein ny fase på strekninga Dalseid-Bolstad, med kolonnar også i helgane.

Gravearbeid og sprenging i tunnel, ein stor grøft er gravd opp.
Oppgradering i Hyvingtunnelen, grøft blir gravd langs siden av tunnelen.

- Dette vil medføre ulemper for ein del trafikantar, men me innfører samtidig fleire kolonner, med maks ein times ventetid og faste avgangstidspunkt. Dette vil betre framkommeligheita for alle trafikantar, men kanskje spesielt for nyttetransport og lokaltrafikk, seier prosjektleiar Eirik Røthe i Statens vegvesen.

Dei tre tunnelane det gjeld er Dalseidtunnelen, Trollkonetunnelen og Hyvingtunnelen. Fram til no har det vore kontinuerleg kolonnekøyring på strekninga, men frå 11. januar går ein altså over til kolonnekøyring på faste tider.

Dei første kolonnene har halvtimes-avgangar, før ein går over til timesavgangar som køyrar kvar halve time frå Voss-sida og kvar heile time frå Bergen-sida.

Skjema med stengetidene.
Oversikt stengetider

Mykje skal gjerast

Ut over året skal det gravast ferdig grøfter i tunnelane, installerast utstyr i fire nyoppsette bygg, setjast opp nødtelefonar, kameraovervaking, ny belysning, nye vifter, DAB og naudnett, bommar på begge sider av tunnelane med meir. Til hausten vil ein gå over i ein testfase. Arbeidet i tunnelane skal vera ferdig innan utgangen av januar 2025, men slik det ser ut per no, så vert nok arbeidet ferdig før den tid. I forbindelse med overgang til helgearbeid vil det også bli satt på meir bemanning, dette vil òg bidra til tidlegare ferdigstilling.

Portal skal forlengast

Portalen på vestsida av Dalseidtunnelen skal forlengast med ca 50 meter. Dette arbeidet vil i all hovudsak pågå utanfor vegbane, men pga plassbehov for forskaling m.v. vil det bli innsnevring til ei køyrebane med lysregulering medan arbeidet pågår. Her vil det bli arbeidd i sommerhalvåret, frå april til oktober, i 2024 og 2025. Under støyping vert vegen heilt stengt for all trafikk i opptil eit døgn. Slike stengingar vert vanlegvis lagt til laurdager, og varsla i god tid.

Hernes- og Dalevågtunnelane er no så og seie ferdig oppgraderte, med nytt utstyr i Dalevågtunnelen satt i drift før jul. Riving av gamalt utstyr i Dalevågtunnelen pågår, samt litt sluttarbeid, slik at det innimellom kan vere behov for stengningar på kveld-natt i desse to også, men då med kontinuerleg kollonnekøyring.