Rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane
Kvar?
- Fylke:
- Rogaland
Kommunar:
Suldal
Kva?
Det skal byggjast tunnel på omtrent tre kilometer som skal forbi Rødsliane og dei mest rasutsette områda. På Lovraeidet skal det byggjast eit kryssområde og eit kollektivknutepunkt. Målet er å sikre vegen mot skred, betre trafikksikkerheita og gi tryggare samband mellom bygdene.
Kvifor?
Riksveg 13 frå Lovraeidet mot Sand i Suldal kommune er ein svært rasutsett strekning med vanskeleg topografi (svært utfordrande terreng å bygge på) med store ur- og rasområder. Vegstandarden er dårleg, vegen er smal utan gul midtstripe og krappe svingar.
Kart
Framdrift
Oppstart av arbeid med reguleringsplan med konsekvensutgreiing for skredsikring av rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane i Suldal kommune. Framlegg til planprogram er på offentleg høyring med frist til 27. november.
Detaljregulering for rassikring på rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane lagt ut til høyring.
Statens vegvesen og Suldal kommune legg fram forslag til reguleringsplan med konsekvensutgreiing for rassikring mellom Lovraeidet og Rødsliane. Planen er til offentleg ettersyn frå 30. juni til 1. september 2016.
Kommunestyret i Suldal vedtok detaljreguleringsplanen for rassikring av rv. 13 på strekninga Ersdal–Lovraeidet i møte 31. januar 2017. Planen omfattar tunnel gjennom det meste av planområdet, ny trafikkløysing i Lovraeidet og utfylling for utvida næringsområde i Lovrafjorden.
Statens vegvesen har innstilt arbeidsfellesskapet JV Leonhard Nilsen & Sønner AS og Risa AS til å gjennomføre skredsikring og tunnelbygging på riksvei 13.
Aktuelt
-
Oppstart av fjellsikringsarbeid på Rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane
-
Kontrakt signert for tunnel og skredsikring på rv. 13 Lovraeidet-Rødsliane - byggestart nærmer seg
— Statens vegvesen har signert kontrakt med arbeidsfellesskapet Leonhard Nilsen & Sønner AS og Risa AS om bygging av tunnel og skredsikring på riksveg 13.
-
Nå er det klart hvem som skal skredsikre riksvei 13 Lovraeidet–Rødsliane
— Statens vegvesen har innstilt arbeidsfellesskapet JV Leonhard Nilsen & Sønner AS og Risa AS til å gjennomføre skredsikring og tunnelbygging på riksvei 13.
Fakta og nøkkeltal
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2022–2033
- Oppstart:
- Hausten 2025
Meir om prosjektet
Riksveg 13 frå Lovraeidet mot Sand i Suldal kommune er ei svært skredutsett strekning med krevjande topografi og låg vegstandard. Vegen er smal, har krappe svingar og manglar gul midtstripe. Målet med prosjektet er å sikre strekninga mot skred og betre trafikksikkerheita for alle trafikantar.
Det skal byggjast ein tunnel på om lag tre kilometer forbi dei mest rasutsette områda ved Rødsliane. På Lovraeidet skal det etablerast eit nytt kryssområde og eit kollektivknutepunkt for passerande bussar. Skredsikringa vil gi tryggare og meir føreseielege reisevilkår for både lokalbefolkning og tilreisande, og styrkje sambandet mellom bygdene i Suldal og resten av regionen.
Strekninga har status som nasjonal turistveg, og prosjektet vil bidra til å ivareta denne statusen gjennom betre framkome og tryggleik. Statens vegvesen har utarbeidd reguleringsplan for alternativ trasé, som blei godkjent i 2017 og revidert i 2023.
Konkurransen om oppdraget blei lyst ut 7. november 2024. Etter prekvalifisering blei fem entreprenørar invitert til å levere tilbod. Etter ei grundig evaluering er arbeidsfellesskapet JV Leonhard Nilsen & Sønner AS og Risa AS (LNS) innstilt til å gjennomføre skredsikring og tunnelbygging. Kontrakten er ein totalentreprise med forhandling og har ein verdi på om lag 900 millionar kroner ekskl. mva.
Statens vegvesen tar sikte på å signere kontrakten i starten av oktober 2025, etter at klagefristen er utløpt. Anleggsarbeida vil starte så snart det er praktisk mogleg etter signering.
Kontakt
Prosjektkontor
- Besøksadresse:
-
Svanholmen 7, Sandnes
Kontaktar
Kathrine Hausken Kase
- Telefon:
- E-post: