Rolf Arne Hamre
- E-post:
Statens vegvesen skal bygge ny tunnel under Strynefjellet. Riksveg 15-løpet vil gå frå Hjelledalen til Breiddalen og blir mellom 15,6 og 20,5 km langt, alt etter kva påhogg som blir valt. Løpet mot Geiranger blir mellom 6,5 og 8,2 km langt, og tar av mot nord-vest i eit kryss midt inne i tunnelen.
Rv. 15 over Strynefjellet har i dag for dårleg kurvatur og for låge og tronge tunnelar. Vegen vert for ofte stengt og kolonnekøyrd vinterstid. Ny tunnel vil løyse utfordringane, og fylkesveg-armen vil gje heilårsveg til Geiranger.
KVU rv. 15 Strynefjellet – revidert tilleggsutgreiing inkl. fv. 63 heilårsveg til Geiranger.
I 2024 vedtok Stortinget å ta prosjektet inn i NTP 2025-2036, med planlagt oppstart i første seksårsperiode.
Statens vegvesen meldte planoppstart for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger 10. november 2025. Planprogrammet er på høyring fram til 15. januar.
Arbeid med Reguleringsplan kan starte når kommunedelplan er på plass.
KS2 er ein ekstern gjennomgang av avgjerdsgrunnlaget for store statlege prosjekt med kostnad på meir enn ein milliard kroner. Målet er avdekke om prosjektet er klart til å bli sendt vidare til Stortinget.
Før bygging kan starta må finansieringa avklarast, og Statens vegvesen må gjennomføra grunnerverv og utarbeida konkurransegrunnlag.
Fylkeshuset i Molde