Rv. 15 Strynefjellet
Prosjektet omfattar ny Strynefjellstunnel med arm til Geiranger.
Arbeidet med reguleringsplan med konsekvensutgreiing for sjølve tunnelen med tilhøyrande veg i dagen, samt mellombelse massedeponi går for fullt våren 2025. Det er også starta opp arbeid med kommunedelplanar for permanente massedeponi i Stryn kommune og i Skjåk kommune. Det vil samtidig også bli sett på om noko av tunnelsteinen kan nyttast til utbetring av rv. 15 på begge sider av tunnelen.
Ein skal vurdere fleire alternativ for påhogg nede på Skora og oppe i Breidalen. I Geiranger vil det ikkje bli utgreidd alternative påhogg.
Planlegging av ny Strynefjellstunnel (Pdf)
I februar 2025 vart det arrangert informasjons- og oppstartsmøte med kommunane i Loen, med godt frammøte. Dette markerte ein restart av planlegginga, som byrja i 2022.
Beslutning om konseptval (KVU) vart fastsett i 2018. Konsept B1 med arm til Geiranger skulle leggjast til grunn for vidare planlegging av rv. 15 over Stynefjellet.
I 2024 vedtok Stortinget å ta prosjektet inn i NTP 2025-2036, med planlagt oppstart i første seksårsperiode.
- Veg:
- Rv. 15
- Fase:
- Planfase
- Kommunar:
- Stryn, Skjåk, Stranda
- Fylke:
- Vestland, Innlandet, Møre og Romsdal
- Lengde:
- 19000
- Finansiering:
- Stat
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2025–2036
Prosjektkontor
- Besøksadresse:
-
Fylkeshuset i Molde