Kommunedelplan med konsekvensutgreiing for masselager i Stryn og i Skjåk er ute på høyring. Det er også mogleg å føreslå nye plassar for masselagring.

Statens vegvesen startar arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutgreiing (KU) for masselager i Stryn kommune og i Skjåk kommune, med heimel i plan- og bygningslova § 11-12. Dette er ein del av prosjektet Rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger.

Ny tunnel på Strynefjellet vil generere store mengder overskotsmassar, og det vil difor vere behov for å greie ut område for lagring og/eller deponering av bergmassane. Arbeidet med masselager i Stryn og Skjåk vil bli gjennomført som eigne planprosessar. Kommunane vil vere planmynde, og Statens vegvesen vil vere tiltakshavar og forslagsstillar til planane.

Dokument på høyring rundt masselagring i Stryn og Skjåk kommunar:

Det skal utarbeidast tre parallelle kommunedelplanar med konsekvensutgreiing. Ein for hovudprosjekt med tunnel veg i dagen, ein for masselager i Skjåk kommune og ein for masselager i Stryn kommune.

Vegprosjektet er av ein storleik som utløyser krav om konsekvensutgreiing, og eit planprogram skal utarbeidast for kvar kommunedelplan. Varsling av oppstart av arbeidet med kommunedelplanane blir gjort samtidig med at forslag til planprogram blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Innspel og merknader

Vi ønskjer synspunkt, innspel og relevante opplysningar til prosjektet. Vi ønskjer også innspel til nye masselagringsområde som kan vere eigna, og som kan gi positiv etterbruksverdi. Døme på område som kan vere aktuelle er område der massar kan nyttast til å auke jordbruksverdi gjennom nydyrking eller heving av jorde, prosjekt i nærleiken som treng massar, og utbygde areal for mellomlagring av massar.

Innspel og merknader til planarbeidet kan sendast innan 15. januar 2026:

  • via skjema i den digitale medverknadsportalen
  • på e-post til firmapost@vegvesen.no, eller
  • per brev til Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål i samband med planarbeidet, ta kontakt med:

  • prosjektleiar Rolf Arne Hamre, e-post: rolf.hamre@vegvesen.no, tlf. 909 22 459,
  • planleggingsleiar Eva-Lena Winge, e-post: eva-lena.winge@vegvesen.no, tlf. 481 53 885