Meldar planoppstart for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger
Statens vegvesen startar arbeidet med kommunedelplan med konsekvensutgreiing for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger. Send inn dine innspel no!
Det skal utarbeidast ein kommunedelplan med konsekvensutgreiing for rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, og målet er få ein ny vintersikker fjellovergang med lang tunnel. Eit løp mot Geiranger blir planlagt mot nordvest frå midten av tunnelen, og dette vil gje heilårleg vegforbindelse frå aust. Planprogrammet er no på høyring, med tilhøyrande dokument.
I arbeidet som no startar, vil vi få fastsett kor tunnelen skal munne ut i Hjelledalen i Stryn, Breiddalen i Skjåk og Opplendskedalen ved Geiranger. Prosjektet er inne i Nasjonal Transportplan 2025-2036 (NTP), med planlagt oppstart i første periode.
Dokument i saka:
Planlegginga skjer med heimel i plan- og bygningsloven § 3-7 og § 11/12, og arbeidet skal utførast i samarbeid med Stryn, Skjåk og Stranda kommunar. Kommunane vil vere planmyndigheit, og Statens vegvesen vil vere tiltakshavar og forslagsstillar for vegplanen. Vegprosjektet er av ein storleik som utløyser krav til konsekvensutgreiing. Eit planprogram skal då ligge til grunn for planarbeidet og konsekvensutgreiinga.
Informasjonsmøte og merknader
Vi vil arrangere opne informasjonsmøte i desember:
- Stranda kommune: Tysdag 2. desember på Fjordsenteret i Geiranger kl. 17.30-20.00. Her vil Møre og Romsdal fylkeskommune først informere om dei nye skred-radarane på fv. 63 mellom Grande og Geiranger, før vi går over på møte om planprogrammet.
- Skjåk kommune: Onsdag 3. desember på Skjåk Barne- og ungdomsskule kl. 18-20
- Stryn kommune: Torsdag 4. desember i Stryn kulturhus kl. 18-20
Innspel og merknader til planarbeidet kan sendast innan 15. januar 2026:
- via skjema i den digitale medverknadsportalen
- på e-post til firmapost@vegvesen.no, eller
- per brev til Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
Innspel som gjeld planområdet i Stranda kommune ønskjer vi blir merka med sak 25/311403, innspel i Skjåk kommune med sak 25/294369 og innspel i Stryn kommune med sak 25/294637.
Planlegging av masselagre og massedeponi
I denne planprosessen vil det berre inngå massedeponi i Stranda kommune, nærare bestemt i Kophola. Prosessen med å finna eigna areal for massedeponi og masselagre i Stryn kommune og Skjåk kommune vil bli gjennomført i eigne planprosessar som også er på høyring.
Forslag frå tidlegare konseptvalutgreiing (KVU) og nye innspel vil gå gjennom ein silingsprosess, som omtalt i kapittel 6 i forslag til planprogram. Døme på område som kan vere aktuelle er områder der masser kan nyttast til å auka jordbruksverdi gjennom nydyrking eller heving av jordbruksland, prosjekt i nærleiken som treng massar og utbygde areal for mellomlagring av massar.
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål i samband med planarbeidet, ta gjerne kontakt:
- prosjektleiar Rolf Arne Hamre, e-post: rolf.hamre@vegvesen.no, tlf. 909 22 459,
- planleggingsleiar Eva-Lena Winge, e-post: eva-lena.winge@vegvesen.no, tlf. 481 53 885