1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Foto: Statens vegvesen

Kvar?

Fylke:
Telemark

Kommunar:

Midt-Telemark, Seljord

Kva?

Prosjektet gjeld rv. 36 mellom Verpe til Manheimsstrondi, ei strekning på om lag 3,3 km. Hovedmålet er å leggja til rette for ny bru over Bjønndøla og gode planløysingar på begge sider av vassdraget, og utbetring av strekninga ellast til 9,0 m vegbreidde.

Kvifor?

Etter flaumen i juni 2024 vart eksisterande Hønså bru mellombels stengd og erstatta av beredskapsbru for å sikra framkomme og bereevne på rv. 36. Ei ny bru og utbetring av vegen vil betra trafikktryggleiken og sikra framkomma.

Kart

Planområdet © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Våren 2025 starta Statens vegvesen arbeidet med detaljreguleringsplan for rv. 36 frå Verpe til Manheimsstrondi i kommunane Midt-Telemark og Seljord. Fristen for å komma med innspel/merknader til varsla om oppstart av detaljreguleringsplanarbeid var 12. mai 2025.

Bakgrunn for utvidinga av plangrensa er at det er behov for meir areal enn fyrst anteke, og planområdet blir utvida på seks stader. Fristen for å melda merknader/innspel er 31. oktober 2025.

Det er eit mål at reguleringsplanen blir vedteke i løpet av vinteren 2025/2026.

Våren 2026: Planlagd byggjestart

Vinter 2026: Forventa opning

Lengde:
3400 meter
Finansiering:
Stat
Oppstart:
Våren 2026

Meir om prosjektet

Behova knytte til Hønså bru er tilstanden til brua. Eksisterande Hønså bru er mellombels stengd og erstatta av beredskapsbru for å sikra framkomme og bereevne på rv. 36.

Det har vore utfordringar med setningar i det vestre landkaret til brua gjennom mange år. Etter flaum i juni 2024 vart situasjonen forverra ytterlegare som følgje av erosjon og undergraving, og beredskapsbru vart montert straks etter denne flaumen. Under flaumen fekk eksisterande bru så store skeivsetningar og deformasjon inn mot brua at ein god og varig reparasjon vart vurdert å vera svært omfattande. Seinare flaum (september 2024) har dessutan forverra situasjonen ytterlegare for brua. 

Brua med tilstøytande veg er elles smal og tilfredsstiller ikkje krav som er sett til vegstandard for denne typen veg i dag. Brua ligg i eit høgbrekk på vegen som skaper dårleg sikt for møtande trafikk, og den har utfordringar med trafikktryggleik knytt til dagens rekkverk.

Prosjektkontor

Telefon:
95219623

Kontaktar

Torbjørn Holte

Planleggingsleiar
Telefon:
95219623
E-post: