Startar arbeidet med detaljreguleringsplan for rv. 36 Hønså bru
Statens vegvesen skal utarbeida detaljreguleringsplan for rv. 36 frå Verpe til Manheimsstrondi i kommunane Midt-Telemark og Seljord.
Hovudmålet med planarbeidet er å legge til rette for ny bru over Bjønndøla og gode planløysingar på begge sider av vassdraget, og utbetring av strekninga elles til 9,0 m vegbreidde.
Last ned
Planprosess, framdrift og frist for innspel
Merknader til planarbeidet sendast skriftleg til Statens vegvesen innan 12.05.2025 anten på brev til:
Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer eller på e-post til
Merk brevet eller e-posten med saksnr. 24/315539.
Når merknadsfristen er ute vil Statens vegvesen gå gjennom merknader og innspel. Merknader og innspel vil ikkje bli svart ut direkte, men vil bli kommentert og vurdert i plandokumenta.
Statens vegvesen vil utarbeide eit planforslag som vil bli lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, og det blir mogleg å komme med merknader og motsegn til forslaget før vidare politisk handsaming. Det er eit mål at planen blir vedteke i løpet av hausten 2025.
Varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-8. Planen blir utarbeidd etter pbl. §§ 12-3 og 3-7.
Har du spørsmål?
Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til planleggingsleiar Torbjørn Holte, mobil 952 19 623, e-post: